Wim Rijsbergen, fullt namn Wilhelmus Gerardus Rijsbergen, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Leiden i Zuid-Holland. Forsvarsspelaren vann VM-sølv i 1974 og 1978 med Nederland, og var i 1974 også med om å vinne UEFA-cupen med Feyenoord.

Klubbspel Rijsbergen byrja profflivet med ein sesong i PEC Zwolle på nivå to i seriesystemet. Frå 1971 til 1978 spele han på topplaget Feyenoord, ein klubb som våren 1974 vann seriemeisterskapen og sigra i UEFA-cupen. I den andre og avgjerande UEFA-cupfinalen skåra Rijsbergen det fyrste målet då Tottenham Hotspur vart slått 2-0, eitt av få mål han skåra i heile si karriere. Etter ein sesong i franske SC Bastia, var han 1979-83 aktiv i New York Cosmos i USA. Han avslutta profftida med ein sesong i Helmond og to i FC Utrecht.

Landslagsspel Rijsbergen fekk sin landslagsdebut ei veke før VM i fotball 1974. Han imponerte så mykje at han fekk plass i fyrsteellevaren og spelte alle Nederlands kampar i meisterskapen, ein meisterskap som enda med finaletap mot arrangørlandet Vest-Tyskland. To år seinare var han òg med då Nederland tapte EM-semifinalen mot Tsjekkoslovakia i Zagreb. Landslagstida tok slutt under Fotball-VM 1978 i Argentina. Han spelte kampane i gruppespelet, men vart vraka og kom ikkje på bana i finalekampane. Rijsbergen deltok i 28 av Nederlands landskampar, skåra eitt mål.

Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord Nederlandsk seriemeister: 1974 med Feyenoord VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Wim Rijsbergen» frå , den 29. oktober 2019.

eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Zwolle-spelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Utrecht-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978