Aos Sí (irsk uttale [iːs ˈʃiː]; eldre form aes sídhe [eːs ˈʃiːə], skotsk sìth) er ei gruppe overnaturlege vesen i irsk og skotsk mytologi som kan liknast med alvar eller underjordiske. Dei er blitt kalla forfedrar, naturånder eller guddommar.Evans Wentz, W. Y. (1966, 1990) The Fairy-Faith in Celtic Countries. Gerrards Cross, Colin Smythe Humanities Press Aos Sí og verda deira er omtalte i det irske mellomalderverket Lebor Gabála Érenn.
Dei skal halda til under jorda i alvehaugar (fairy mounds), over vesthavet, eller i ei usynleg verd som finst parallelt med den til menneskja. Aos sí er ei omskriving som tyder 'haugfolket'. På moderne irsk blir folket også kalla daoine sídhe som har same tyding; i skotsk tradisjon er dei daoine sìth.James MacKillop, A Dictionary of Celtic Mythology (Oxford: Oxford University Press, 1998), s.v. daoine sídhe. Dei er også blitt kalla berre sídhe (som tyder 'haugar'), til dømes av innverknadsrike forfattarar som W.B. Yeats.
Kjelder Bane, Theresa (Encyclopedia of Fairies in World Folklore and Mythology, side 32. McFarland & Company. . Henta 7. juli 2014.
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Aos Sí» frå , den 29. oktober 2019.
Kategori:Irsk mytologi Kategori:Skotsk mytologi