Vladimir Vladimirovisj Petrov () var ein russisk ishockeyspelar frå Krasnogorsk. I tida 1969-81 vann han ni VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.

Petrov var senterløpar i Sovjetunionen si berømte fyrsterekke saman med Boris Mikhajlov på høgrevengen og Valerij Kharlamov på venstrevengen. Petrov vart verdsmeister fyrste gongen i 1969 og siste gongen i 1981. I 1972 så vel som i 1976 vart han olympisk meister.

Petrov spelte på Krylja Sovetov i Moskva frå 1965 til -67. Perioden 1967-81 var han aktiv i CSKA Moskva, det sovjetiske topplaget som desse 14 sesongane henta heim ni sovjetmeisterskap. Han avslutta med spel for SKA Leningrad frå 1981 til -83. Over 18 sesongar spelte han til saman 595 klubbkampar, i desse kampane skåra han 370 mål og sanka 713 målpoeng.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Wladimir Wladimirowitsch Petrow» frå , den 12. november 2019.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980