Hatfield and the North er debutalbumet til det engelske Canterbury scene-bandet Hatfield and the North, utgjeve i februar 1974.
I spesialutgåva til magasina Q & Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet plassert på 34. plassen på lista deira over «40 kosmiske rockealbum».Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
Innhald
Dei to bonusspora frå 1987 var A- og B-sider på ein singel frå 1974, tidlegare gjevne ut på samleplata Afters frå 1980.
Medverkande Phil Miller – elektrisk gitar (spor 2–14), akustisk gitar (spor 6) Dave Stewart – Fender Rhodes elektrisk piano (spor 1–8, 10–15), Hammondorgel (spor 3–5, 7–9, 12–14), Hohner Pianet (spor 1, 5, 7, 9, 13–15), piano (spor 2–5, 8, 9), tonegenerator (spor 5, 7–9, 12), Minimoog (spor 9) Richard Sinclair – bassgitar (spor 2–14), vokal (spor 2, 4, 6, 8, 10–12) Pip Pyle – trommer (spor 2–9, 11–14), perkusjon (spor 4, 7, 9), lydeffektar (spor 7–9, 11)
Gjesteartistar Robert Wyatt – vokal (4) Barbara Gaskin – vokal (5) Amanda Parsons – vokal (5) Ann Rosenthal – vokal (5) Geoff Leigh – tenorsaksofon (5), fløyte (5 & 13) Didier Malherbe – tenorsaksofon (7) (ikkje oppført) Jeremy Baines – pixiephone (5), fløyte (13) Cyrille Ayers – vokal (8) Sam Ellidge – røyst (7)
Plateomslag
Plateomslaget på den originale vinylutgåva vart designa av Laurie Lewis. Fram- og baksida dannar i lag eit panoramabilete av Reykjavík, der himmelen på høgresida er slått saman med ein transparent av ei freske frå 1400- eller 1500-talet i Orvietokatedralen av Luca Signorelli, «Dei fordømde».
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Hatfield and the North (album)» frå , den 12. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1974 Kategori:Hatfield and the North-album Kategori:Album produserte av Tom Newman Kategori:Virgin Records-album