Kollafjørður er ein djup fjord på Færøyane og er også namnet på ei av bygdene som ligg ved fjorden. Han ligg på austsida av øya Streymoy. På sørsida av fjorden ligg bygda Signabøur og inn mot fjordbotnen ligg bygda Oyrareingir.

Geografi venstre|mini|Kyrkja Kollafjørður vert ofte kalla for Færøyane si lengste bygd. Frå Signabø og til nord i Sund er det 8,5 km. Då er det 3 km lange strekket ved Kollfjardhardalur frå Hólmanum og fram til Hvilvt ikkje medrekna. Fjorden sjølv, som bygda ber namnet etter, er 4,5 km inn frå Hólma og ut til Kjalnestanga. Graslandet rundt er mat for omkring 1500 sauer.

På nordsida ligg bygda Kollafjørður. Nordanfor Kjalnes ut mot Tangafirði, så vert bygda kalla Norðuri í Sundum. Kollafjørður er rekna for å vera i Norðurstreymoy, men han høyrer nå til Tórshavnar kommuna. Bygda Kollafjørður er på den nordre sida av Kollafirði.

Idrett venstre|mini|Frå barneromeisterskap for gutar I Kollafjørður er dei ei idrettsforeining kalla Kollafjarðar Ítróttarfelag, forkorta KÍF. KÍF held på med handball, fotball og kapproing.

Kvart tredje år er det landsmeisterskap i kapproing i Kollafjørður, kalla Sundalagsstevna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kollafjørður» frå , den 26. februar 2020.

Bakgrunnsstoff

Torshavn.fo

Kategori:Busetnader på Færøyane Kategori:Fjordar på Færøyane