Andrej Valentinovitsj Khomutov () er ein tidlegare sovjet-russisk ishockeyspelar frå Jaroslavl. Han vann i tida 1981-93 sju VM-gull og tre OL-gull for Sovjetunionen og sidan Russland.

Khomutov var frå vinteren 1980 høgreveng på CSKA Moskva, det suverene topplaget i sovjetisk ishockey. Etter ti suksessrike år i CSKA flytta han i 1990 til Sveits og var aktiv på Fribourg-Gottéron til han la opp i 1998.

Åra 1981-84 vann Khomutov med Sovjetunionen sitt landslag tre strake VM-titlar og den olympiske ishockey-turneringa i Sarajevo. Etter bronseplass i VM 1985, var Khomutov og lagkameratane tilbake på gullplassen året etter. I 1987 tapte Sovjetunionen den avgjerande VM-kampen mot Sverige. Under Vinter-OL 1998 vart det atter OL-gull til Sovjetunionen og Khomutov, deretter vart han verdsmeister i 1989 og 1990. Frå vinterleikane 1992 i Albertville reiste Khomutov med sin tredje olympiske gullmedalje. Året etter henta han sitt sjuande VM-gull, då saman med eit heilrussisk mannskap. I sitt siste ishockey-VM enda Khomutov i 1995 for fyrste gong opp utan medalje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrei Walentinowitsch Chomutow» frå , den 7. april 2020.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Jaroslavl