Midnight Wire er det femte studioalbumet til Curved Air, gjeve ut i 1975. Det vart spelt inn med ein ny besetning for bandet, og berre Darryl Way og Sonja Kristina var att etter turneen som hadde gjeve konsertalbumet Curved Air - Live. Venen til Kristina, Norma Tager, som hadde designa kleda ho hadde på scenen under turneane frå 1974 til 1976, bidrog med tekstar til alle songane deira.

Bakgrunn og innspeling Dei nye medlemmane i bandet var henta frå det andre bandet til Darryl Way, Stark Naked and the Car Thievs. Gitaristen Mick Jaques og trommeslagaren Stewart Copeland kom herfrå.

Innspelinga av albumet var markert av intense og bitre kranglar mellom bandet og produsentane Ron og Howard Albert, som ofte kritiserte bandmedlemmane heftig.Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. . s. 16.

Innhald

Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solovokal Darryl Way – fiolin Mick Jacques – gitar Stewart Copeland – trommer Gjestemusikarar John G. Perry – bassgitar Peter Wood – klaverinstrument Derek Damain – korvokal på «The Fool» Teknisk Will Reid-Dick - lydteknikar Bob Searles, Liz Gilmore - design

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Midnight Wire» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Curved Air-album Kategori:Musikkalbum frå 1975