«The Mexican» er ein song frå albumet First Base frå 1972 av det britiske bandet Babe Ruth.AllMusic Reference Allmusic entry]
Songen vart skriven av Alan Shacklock og spelt inn i Abbey Road Studios sommaren 1972. Shacklock skreiv teksten til songen som ein skarpt svar til John Wayne-filmen The Alamo frå 1960, som var full av historiske feil og ikkje synte den menneskelege sida til dei mexicanske soldatane som vart slåtte av styrkane frå Texas i slaget ved The Alamo. Songen har ein drivande trommerytme og funky bass.«Classic Rock» magazine, 2012. mai The Stories Behind The Songs: Babe Ruth - The Mexican.
Songen interpolerer «Per qualche dollaro in più» av Ennio Morricone, frå musikken til filmen For en neve dollar mer.
Songen har blitt spelt og miksa av mange andre artistar, og vert rekna som ein av dei mest innverknadstunge songane i hiphopkulturen, og var òg populær i tidlege discoklubbar som The Loft.
Medverkande Alan Shacklock – sologitar, orgel, perkusjon Jenny Haan – solovokal Dave Hewitt – bass Dave Punshon – klaverinstrument, elektrisk piano Dick Powell – trommer, perkusjon
Andre versjonar 1978: Bombers, ei discogruppe frå Montreal 1984: Jellybean med vokal av den originale songaren, Jenny Haan. Denne versjonen nådde toppen av dance-lista i USA. 1999: Helloween på albumet Metal Jukebox 2006: Marc Hype & Jim Dunloop med. Sara Bourgeois 2015: Gza, medlem av hiphopgruppa Wu-Tang Clan 2020: Stretch & Bobbito, The M19s Band med Mireya Ramos
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Mexican (song)» frå , den 11. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Songar på toppen av Billboard Dance Club Songs-lista Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Debutsinglar frå 1984 Kategori:Harvest Records-singlar