William Laurence Bingham () er ein nordirsk tidlegare fotballspelar og seinare trenar. Han spelte 56 landskampar for Nord-Irland og skåra 10 gonger, og spelte i VM i fotball 1958. Klubblaga han spelte for var Sunderland, Everton, Luton og Port Vale. Han var òg landslagstrenar for Nord-Irland i to periodar, den fyrste frå 1967 til 1970 og den siste frå 1980–1993. I denne perioden kvalifiserte landslaget seg til VM-sluttspel i 1982 og i 1986. I Spania vann landet mot Spania som hadde høgare FIFA-ranking, og med det tok laget seg vidare til andre runde. I 1986 rauk laget ut i gruppespelet.
Kjelder
Kategori:Nordirske fotballspelarar Kategori:Nordirske fotballtrenarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Luton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958