Ishockey undervinter-OL 1980 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1980 i Lake Placid i USA. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunden i sin heilskap på Olympic Center med plass til 12 000 tilskodarar. USA vann gull, Sovjetunione sølv og Sverige bronse.

Turneringa 12 land deltok i turneringa, som tok til med ein opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ein finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.

Laga som deltok i finalerunden drog med seg innbyrdes oppgjer i gruppespela. Arrangørlandet USA, som hadde eitt poeng etter uavgjort mot Sverige, møtte fyrst storfavoritten Sovjetunionen. Kampen enda med 4-3-siger til USA, og har gått inn i USA-amerikansk idrettshistorie som «Miracle on Ice». Det sovjetiske ishockey-landslaget hadde vunne alle kampane med stor margin, og knapt tapt ein kamp på fleire år. Av storpolitiske grunnar tilla den USA-amerikanske allmenta sigeren ekstra vekt. Men det var fyrst dagen etter sovjetkampen USA kunne heve OL-pokalen, då laget vann 4-2 over Finland.

Finalerunda Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng 1 3 2 1 0 10–7 5 2 3 2 0 1 16–7 4 3 3 0 2 1 7–14 2 4 3 0 1 2 7–11 1

USA sitt meistermannskap Målvakter: Jim Craig, Steve Janaszak Forsvarar: Ken Morrow, Mike Ramsey, Bill Baker, Jack O’Callahan, Bob Suter Løparar: Dave Silk, Neal Broten, Mark Einar Johnson, Steve Christoff, Mark Wells, Mark Pavelich, Eric Strobel, Mike Eruzione, Dave Christian, Rob McClanahan, Buzz Schneider, John Harrington, Phil Verchota

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1980/Eishockey» frå , den 18. april 2020.

Kategori:Øvingar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockey under OL Kategori:Ishockey i 1980