DS «Nova» (kallesignal MLFS) var eit dampskip bygt i 1915 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie Skipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta 326 356 kroner då det vart levert i juni 1915.
Den 23. mars 1917 var «Nova» på reise frå Blyth til Sarpsborg med kol då det vart stogga av den tyske ubåten «UC 77» 10 nautiske mil aust-søraust for Todd Head ved Girdleness. Mannskapet forlet skipet og det vart skoten i senk av tyskarane.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 034 brt, 594 nrt og lasteevna var 1 200 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1855 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag M&J. Dette gav ei oppgjeven yting på 560 iHk (indikerte hestekrefter) og 120 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Laxevaags Maskin- & Jernskibsbyggeri Kategori:Skip frå 1915 Kategori:Krigsforlis i 1917 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen