Magenta er ein farge danna av like mengder raudt og blått i eit additivt fargesystem. Magenta er ikkje del av fargespekteret, det vil seia at fargen ikkje blir danna av lys av ei enkel bølgelengd.
Magenta er komplementærfarge til grønt.
Magenta er ein av primærfargane i subtraktive fargesystemer, som CMYK, saman med gul og cyan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magenta» frå , den 27. april 2020.
Kategori:Farger