Blood, Sweat & Tears 3 er det tredje studioalbumet til Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1970.
Historie Etter den store suksessen med det førre albumet sitt, var Blood, Sweat & Tears 3 særs etterlengta og det steig raskt oppover albumlista i USA. Det inneheldt to hitsinglar, ein coverversjon av Carole King sin «Hi-De-Ho», og «Lucretia MacEvil.» ALbumet inneheldt mange andre coversongar og fekk heller lunken mottaking i musikkpressa.
Mottaking
Village Voice-kritikaren Robert Christgau avviste synginga til David Clayton-Thomas som «oppstøyt», og kalla «Symphony for the Devil» ein «ganske bra rock and roll-song som vert avslørt som midtbryn-søle når han vert tilført sukker.» William Ruhlman i Allmusic kalla albumet «eit overtydande, men ikkje like imponerande følgjesvein til den førre hitten deira. David Clayton-Thomas er framleis ein entusiastisk, ropande bluessongar, og bandet klarar framleis å skape livlege arrangement... men pretensjonen deira, som på den lange «Symphony/Sympathy for the Devil», og tendensen til å låne andre artistar sine meir kjende songar i staden for å skape sine eigne, er ei åtvaring om det som kom i åra framover.»
Innhald
Medverkande David Clayton-Thomas - solovokal (alle utanom 2) Fred Lipsius - altsaksofon, piano, korvokal, elektrisk piano, speledåse Lew Soloff - trompet, flygelhorn, pikkolofløyte trompet Chuck Winfield - trompet, flygelhorn Jerry Hyman - trombone, bass trombone, blokkfløyte Steve Katz - gitar, solovokal (2), munnspel Dick Halligan - orgel, korvokal, piano, elektrisk piano, cembalo, celesta, trombone, fløyte, altfløyte, barytonhorn Jim Fielder - bass Bobby Colomby - trommer, korvokal, perkusjon
Produksjon Produsentar: Bobby Colomby, Roy Halee Lydteknikarar: Roy Halee, Lou Waxman Arrangørar: David Clayton-Thomas, Bobby Colomby, Jim Fielder, Dick Halligan, Fred Lipsius Design: John Berg Fotografi: Lee Friedlander, Melissa Katz, Fred Lombardi
Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1970Pop Albums1
Singles - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1970«Hi-De-Ho»Pop Singles141970«Lucretia MacEvil»Pop Singles29
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blood, Sweat & Tears 3» frå , den 10. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Blood, Sweat & Tears-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av Roy Halee Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Bobby Colomby