Tiwai Point er eit nes som ligg ved inngangen til Bluff Harbour på sørkysten av Sørøya på New Zealand. Det strekkjer seg ut frå den vestlege enden av Awarua Plains, ligg mellom Awarua Bay i nord og Foveaux-sundet i sør. Her ligg aluminiumsverket Tiwai Point Aluminium Smelter, eit av dei største industriføretaka på New Zealand.
Tiwai Rocks fuglevernområde Klippene i enden av Tiwai Point vert sett på som eit viktig område for fugleliv av BirdLife International fordi dei er heimen til ein hekkande koloni av foveauxskarv (Leucocarbo chalconotus).
Trua insekt Tiwai Point er ein av dei to attverande stadane der den kritisk trua møllen Asaphodes frivola lever. A. frivola står i stor fåre for å døy ut, og har allereie vorte borte frå ein av dei tre kjende lokalitetane sine. Hovudpopulasjonen held til i eit område ved Tiwai Point på mindre enn 25 m² med kystvegetasjon.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Tiwai Point» frå , den 12. mai 2020.
Kategori:Nes på New Zealand Kategori:Important Bird Areas of New Zealand Kategori:Bluff på New Zealand Kategori:Foveaux-sundet