Guri Melby () er ein norsk politikar og leiar for Venstre. Ho var kunnskaps- og integreringsminister i Erna Solberg si regjering frå 13. mars 2020 til 14. oktober 2021.Offisielt frå statsråd 13. mars 2020Den fødte lærer - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 21. mars 2020

Melby var byråd for miljø- og samferdsle i Oslo frå 2013 til 2015. Etter kommunevalet i 2015 vart ho gruppeleiar for Venstre i Oslo (2015–2018) og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen i Oslo bystyre. Ho var fast møtande vararepresentant på Stortinget medan Trine Skei Grande sat i regjering, og var finanspolitisk talsperson for Venstre.

Bakgrunn og virke Melby var fødd i Orkdal. Ho var medlem av Orkdal kommunestyre 1999–2007 og medlem av Trondheim bystyre 2007–2011. Ho var Venstre sitt 1. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved vala i 2005 og 2009, og 3. kandidat i Oslo i 2013 og 2017. I perioden 2013–2017 og 2017–2021 var ho 1. vararepresentant for Trine Skei Grande og Ola Elvestuen. Melby har vore medlem av Venstre sitt landsstyre sidan 2008, medlem av sentralstyret sidan 2010 og leiar i programkomiteen til partiet framfor stortingsvalet i 2013 og stortingsvalet 2021. Melby var medlem av eit regjeringsoppnemnt utval som skulle utreie trus- og livssynspolitikken 2010–2013. Ho har òg bakgrunn frå Unge Venstre, der ho sat i sentralstyret i fleire periodar.

Melby har mastergrad i nordisk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet frå 2007. Melby si masteroppgåve handla om dialektbruken i TV-programmet Team Antonsen. Ho vart høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus sidan høsten 2012. Før dette var ho lærar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag 2008–2011, rådgjevar ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning 2010–2011 og rådgjevar i Kunnskapsdepartementet 2011–2012.

Då Ola Elvestuen vart vald inn på Stortinget i 2013 tok Melby over som Byråd for miljø- og samferdsle i Oslo. Frå 15. oktober 2013 til oktober 2015 var ho byråd for samferdsle og miljø i Oslo. I oktober 2014 vart ho nominert på førsteplass på Venstre si valliste i Oslo framfor bystyrevalet i 2015. Som byråd for miljø- og samferdsle hadde ho ansvar for utbygginga av kollektivtrafikken i Oslo og kjøp av nye trikkar til byen. Ho hadde òg ansvaret for sykkelsatsinga i Oslo.

I perioden mellom tida som byråd og stortingsrepresentant var Melby gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyret og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen.

Frå 1. januar 2016 til mars 2018 var ho styreleiar i Språkrådet.regjeringen.no Nytt styre i språkrådet 18.12.2015

Då Venstre gjekk inn i Regjeringa Solberg 17. januar 2018, tok Melby over som stortingsrepresentant for statsråd Skei Grande. Ho var tidlegare kunnskapspolitisk talsperson, og sat i Stortingets Utdannings - og forskningskomiteé, men gjekk i januar 2020 inn i Stortingets finanskomité og vart finanspolitisk talsperson for Venstre.

Stortingskomitear

2018–2020 medlem av Utdannings - og forskningskomiteen ved Stortinget 2020–2020 medlem av Stortingets finanskomité

Regjering 13. mars 2020 overtok Melby som kunnskaps- og integreringsminister i Solberg-regjeringa etter at Trine Skei Grande gjekk av som statsråd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guri Melby» frå , den 16. mai 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske undervisningsministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:Venstrepolitikarar i Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Venstrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske lektorar Kategori:Elevar ved NTNU Kategori:Folk frå Orkdal Kategori:Leiarar for Venstre