mini|Små «vikingskip» ved brygga i Tønsberg. Kaldnes bru mellom byen og Nøtterøy-sida opna i 2005. Byfjorden er ein fjord i Tønsberg kommune i Vestfold. Han utgjer den inste delen av Tønsbergfjorden, som igjen er ein sidefjord i Oslofjorden, og går mellom Kanalen i Tønsberg, Tønsberghus og Jarlsberg travbane. Inst i fjorden ligg Iljane våtmarksområde og naturreservat, skipa i 1985. Ved kanalen ligg Kanalbrua, ei vippebru for biltrafikk opna i 1957, og i Ollebukta er det ei småbåthamn. Mellom restaurantane, mediehuset og gjestehamna på brygga i byen og Kaldnes på Nøtterøy-sida går Kaldnes bru, ei gangbru som opna i 2005. På området etter Kaldnes Mekaniske Verkstad, eit skipsverft i drift frå 1899 til 1984, er det reist høge bygg med leilegheiter.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Byfjorden (Tønsberg)» frå , den 22. mai 2020.

Kategori:Geografi i Tønsberg Kategori:Fjordar i Vestfold