DS «Kovda» (kallesignal LDSR) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det norsk-russiske Dampskibsselskab. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar i dette selskapet, men eigde og drifta skipet.

Skipet er kalla opp etter elva Kovda på Kolahalvøya.

Historie Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og vart levert i desember 1924. 27. november 1924 vart skipet sjøsett utan noko høgtidleg seremoni. Den første prøveturen vart utført 20. desember 1924. Den første turen til «Kovda» gjekk til Hamburg, der det ankom 28. desember 1924, og vidare for turen til Middelhavet. Skipet skulle inn i trelastfarta til Kvitsjøen, men måtte vente til istilhøva var betre utpå våren 1925. Når det ikkje var i Russlandsfarta var skipet i trampfart. I mai 1925 var skipet første gongen i Arkhangelsk og lasta for London.

I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i reiarlaget vart fordelt ved loddtrekning mellom BDS og den sovjetiske handelsflåten kalla Sovtorgflot. Skipet fekk ny registreringshamn i Vladivostok. Den vidare lagnaden til skipet er ikkje kjend, og i 1960 var skipet utgått av registeret til Lloyds.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 687 brt, 987 nrt og lasteevna var 2 415 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 348 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 800 iHk (indikerte hestekrefter) og 163 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skibsefterretninger».

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Sovjetiske dampskip Kategori:Sovjetiske lasteskip Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1924