Pieces of Eight er det åttande studioalbumet til Styx, gjeve ut 1. september 1978.
Som det førre albumet deira, The Grand Illusion (1977), selte dette albumet til 3x platinaplate i USA på grunn av hitsinglane «Blue Collar Man (Long Nights)» og «Renegade».
Bandmedlemmane var sjølv produsentar og spelte inn albumet i Paragon Studios i Chicago med lydteknikaren Barry Mraz. Albumet vart miksa av Rob Kingsland. «I'm O.K.» vart spelt inn i Paragon og St. James Cathedral. Dette var det siste albumet av fleire dei spelte inn i Paragon Studios.
Plateomslaget vart laga av Hipgnosis. DeYoung sa i eit intervju i 1991 med Redbeard at han i starten hata omslaget, men kom til å like det etter kvart som han vart eldre.
Bakgrunn Sommehttp://ultimateclassicrock.com/styx-pieces-of-eight/http://teamrock.com/feature/2015-12-03/styx-the-press-slaughtered-us-i-was-convinced-prog-rock-was-dead reknar albumet som eit konseptalbum og ei av dei viktigaste av dei meir progressiv rock-prega albuma til Styx. Temaet på albumet var i følgje Dennis DeYoung «å ikkje gje opp draumane sine berre for å følgje pengar og materielle godar».
Mottaking
Mike DeGagne i AllMusic gav albumet god omtale og sa at songane på albumet «gjekk attende til den tidlegare progressive rockestilen til Styx, men var noko reinare.» Rolling Stone-skribenten Lester Bangs var meir kritisk til albumet og sa at «Det som er verkeleg interessant er ikkje at slikt narsissistisk kliss vert spelt inn, men kva som skjer i hovudet på alle dei som likar dette. Galle, nerve og ego har aldri vert langt unna god rock & roll. Likevel er det ei tynn, men viktig linje mellom dei kvalitetane og kva som skal til for å fylle ein arena i dag: rein sjølvnyting på sitt mest barnslege nivå. Om dette er meistrane, gje meg heller krøplingane.»
Albumet nådde sjetteplassen på Billboard-lista, og som føregangaren selde det over tre millionar eksemplar i USA.
Innhald
Medverkande
Styx Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument Tommy Shaw – vokal, elektrisk og akustisk gitar, mandolin, autoharpe James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar Chuck Panozzo – bassgitar John Panozzo – trommer, perkusjon
Produksjon Produsent: Styx Lydteknikarar: Rob Kingsland, Barry Mraz Assistant lydteknikar: Harry Andronis Mastering av Ted Jensen i Sterling Sound, NYC Plateomslag av Hipgnosis
Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1978Pop Albums6
Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1978«Blue Collar Man (Long Nights)»Pop Singles211979«Sing for the Day»41«Renegade»16
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pieces of Eight» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:A&M Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Styx-album