«Babe» er ein song av det amerikanske rockebandet Styx. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Cornerstone i 1979. Det var den første og einaste Styx-singelen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista, der han låg i to veker i desember 1979. «Babe» nådde òg niandeplassen på Adult Contemporary-lista. Det låg òg seks veker på toppen av den kanadiske singellista i desember 1979 og inn i januar 1980. Det var òg den einaste songen deira som nådde høgt på den britiske singellista, der han nådde sjetteplassen. Songen gjekk òg til topps i Sør-Afrika.
Bakgrunn og innhald Songen var skriven av Dennis DeYoung som ei gebursdagsgåve til kona Suzanne. Den ferdige songen vart spelt inn som ein demo med berre DeYoung og Styx-medlemmane John Panozzo og Chuck Panozzo.
Songen var opphavleg ikkje meint å vere ein Styx-song, men James «J.Y.» Young og Tommy Shaw overtydde DeYoung om å gje ut songen på Cornerstone. Dei brukte demoinnspelinga til DeYoung og Shaw til ein gitarsolo over den midtre delen av songen. Songen vart så ein stor hit. I 1999 vart «Babenytta i filmen Big Daddy med Adam Sandler, som spelar ein mann som er stor fan av Styx.
Medverkande Dennis DeYoung - vokal, klaverinstrument, Fender Rhodes elektrisk piano Tommy Shaw - gitarsolo Chuck Panozzo - bassgitar John Panozzo - trommer
Salslister
Vekeslister Liste (1979–80)PlasseringAustralia 3Canada Top Singles (RPM)1Canada Adult Contemporary (RPM)1Sør-Afrika (Springbok Radio)1US Cash Box Top 1001
Årslister Liste (1979)PlasseringAustralia95Canada41US Cash Boxhttp://tropicalglen.com/Archives/70s_files/1979YESP.html Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 29. desember 198030 Liste (1980)PlasseringAustralia (Kent Music Report)48Canada39Sør-Afrika18US Billboard Hot 10020
Gjennom tidene Liste (1958-2018) PlasseringUS Billboard Hot 100408
Salstrofé
Caught in the Act-versjonen
I 1997 gav det nederlandske gutebandet Caught in the Act ut ein versjon av «Babe» på albumet sitt Vibe. Denne fekk moderat suksess.
Salslister Liste (1997)PlasseringDen tyske singellista35Den austerrikske singellista26Den nederlandske singellista95dutchcharts.nl
Andre versjonar Alexander O'Neal spelte inn songen i 2008 på albumet hans, Alex Loves. Den filippinske songaren April Boy Regino spelte inn songen i 2000 på albumet hans Super Idol. Ein annan filippinsk songar som har spelt inn songen er Piolo Pascual for filmen Babe, I Love You frå Filippinane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Babe (song)» frå , den 5. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:Styx-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Sør-Afrika Kategori:A&M Records-singlar Kategori:USA-amerikanske softrock-songar