Jaroslav Bába () er ein tsjekkisk tidlegare høgdehoppar frå Karviná som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2004 i Aten.

Aktiv Under Sommar-OL i Aten var Bába ein av fire utøvarar som tok seg over 2,34 m. Einast svenske Stefan Holm svinga seg over 2,36 m, dermed vart det sølv på Matt Hemingway frå USA og bronse på Bába då sistnemnde hadde fleire riv i tevlinga. Året etter sette Bába den 8. juli livsbeste i høgdehopp då han svinga seg over 2,36 meter i Roma.

Tiåret 2005-15 var Baba medaljekandidat i dei fleste store meisterskapane, utan å lukkast innfri. Han kom på femteplass i verdsmeisterskapane 2005 og 2009, samt i EM 2010. Nærast medalje var han VM 2011 i Daegu og EM 2014 i Zürich, i begge desse tevlingane vart han fjerdemann på same høgda som dei respektive bronsemedaljørane. Han fekk bronse i innandørs-EM 2013 i Göteborg etter å ha klart 2,31 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Nr 11 – 2,25 m OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 2,34 m VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 2,29 m VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 2,26 m OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 2,29 m mini|Bába under innandørs-EM 2013 VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 2,23 m EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 2,26 m VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 2,32 m EM 2012 i Helsinki: Nr 8 – 2,24 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (2,21 m=nr 21) VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (2,25 m=nr 14) EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 2,30 m VM 2015 i Beijing: Nr 7 – 2,29 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 7 – 2,24 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 14 – 2,20 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jaroslav Bába» frå , den 14. juni 2020.

World Athletics

Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Høgdehopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016