Arturo Casado () er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar som i 2010 vart europameister på 1500 meter.
Aktiv Casado vann 1500 meter under midhavsleikane 2005. Same året vart han femtemann på distansen under verdsmeisterskapen i Helsinki. I europameisterskapen 2006 i Göteborg kom han på fjerdeplassen og i VM 2007 i Osaka vart han nummer 7.
Sommaren 2010 var Casado i sitt livs form. Med sin store spurtstyrke vann han i Barcelona-EM 1500-meteren lett, etter at løpet hadde gått unna i moderat fart. Eit par veker seinare, den 22. august, sprang han inn til 3.32,7 og personbeste på Olympiastadion i Berlin. Og nøyaktig ei veke etter fekk han også notert bestetid på 800 meter, 1.44,74, oppnådd i Rieti.
Casado la opp i 2014.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 3.39,4 EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 3.40,8 VM 2007 i Osaka: Nr 7 – 3.35,6 OL 2008 i Beijing: Utslått i semfinalane (3.41,5=nr 22) EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 1500 m – 3.42,7, framom Carsten Schlangen (3.43,5)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arturo Casado» frå , den 20. juni 2020.
World Athletics
Kategori:Spanske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010