Marie Kondo (japansk 近藤 麻 理 恵 Kondo Marie; ) er ein japansk rydde- og organiseringskonsulent. Ho har skrive fleire bøker om rydding og organisering, som har selt meir enn 8,4 millionar eksemplar til saman og er blitt omsett frå japansk til meir enn 40 språk.

Då ho var 18 år gammal fekk Kondo ein deltidsjobb som miko (ung kvinneleg hjelpar) ved eit shintotempel. På universitetet Tōkyō Joshi Daigaku (offisielt engelsk namn Tokyo Woman’s Christian University) studerte ho sosiologi og skrev ei avhandling om rydding. Då ho var 19 år gammal fekk ho tilbod frå vener om å rydda for dei mot betaling. Ryddemetoden hennar er kjend som «Konmari-metoden».

Marie Kondo sertifiserer ryddekonsulentar i 23 land, frå Europa og Nord- og Sør-Amerika til Australia og Midt-Austen.

Prisar og utmerkingar Ho blei oppført som ei av dei 100 meste innverknadsrike personane i verda av Time Magazine i 2015.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marie Kondo» frå , den 29. juni 2020.

Kategori:Japanske forfattarar Kategori:Japanske programleiarar