Aachen - January 21st 1981 er det 82. albumet totalt og det 14. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i april 2004 som eit dobbeltalbum. Dette var det første av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum. Denne utgjevinga er derimot eit av to unntak i serien. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.

Materialet på dette albumet er indentisk til piratkopiplata Tangerine Leaves Volume 7: Aachen 1981, men ved ein feil inneheld den andre plata på albumet musikken meint for andreplata av Montreal - April 9th 1977 og motsett. Denne feilen vart sidan retta av plateselskapet. Innhaldet under syner det korrekte innhaldet.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Chris Franke – klaverinstrument Johannes Schmoelling – klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream