mini|Hadeland i grønt, i Oppland
Hadelandsmål er ei norsk dialekt som vert tala på distriktet Hadeland,, henta 3. mars 2015 eit landskap danna av kommunane Gran i Innlandet fylke og Lunner og Jevnaker i Viken fylke., henta 23. mars 2015
Fonologi Hadelandsmålet har opphavleg nokså store skilnadar i uttale i høve til bokmål. I de tre kommunane og de mange bygdene er det også store skilnadar.
Vanlege austlandsmålske trekk finst i hadelandsmålet, som jamning, tjukk l i både gamalnorsk rð og l., henta 3, mars 2015 Medan opplandsmålske trekk er i pronomena je for "jeg", hænn for "han", hu for "hun", dekk for "dere" i objektform, domm (o som i stor) for "de", og denna for "denne".Den Store Dialektboka, s. 113
Typiske trekk for hadelandsmålet er overgangen frå a og nokre gangar e og i til "æ", f.eks. og mænn for "mann", mæster for "mester", lænn for "land", "mædda" for middag, "rækti" for riktig, og hæš for "hals".Skramstad, T., s. 22Skramstad, T., s. 171Den Store Dialektboka, s. 105 I Gran kommune har -er endinga i sterke verb blir itakisert til -ir. Svak palatalisering er ikkje vanleg på hadelandsbygdene, f.eks. i kvæill "kveld". Istedenfor "kommer", sier man, i særs i Brandbu, "kjemer".Den Store Dialektboka, s. 112 Trykklette ord som ender på -el blir til -al, som i "sykk[j]al", "nykkjal" og "sirkal".Ord og Uttrykk fra Hadeland, faerder.netSkogstad, Ola, s. 44 -rn vert assimilert til -nn (bjønn og "bjørn").Vest-Oppland og Valdres, s. 351
Den gammalnorske "hv" gått over til "gv", som mål i Numedal og Aust-Telemark.Kart 6: Utviklinga av norrøn hv- , its-learning.com, henta 3. mars 2015 I Jevnaker by og Bjoneroa, derimot, er forma "v" og "kv", respektivt.Den Store Dialektboka, s. 102 Denne forma er på veg til å døy ut, og verninga av denne forma er ynskt av språkforskar Jens Saxe Huseby.Det går så det gviner – eller til å grine av?, sprakradet.no, Jens Saxe Huseby, henta 23. mars 2015.
Dativ Det eldre målet nytter dativ. Bruken av dativ er avgrensa til presens, men kan i tidlegare tider ha vore brukt i både eintal, fleirtal og i andre bøyningsformer.
Bruken av dativ i hadelandsmålet er så godt som borte i daglegtalen, men er verna i få samband.Ree, Håkon. s. 19
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hadelandsmål» frå , den 27. september 2020.
Referansar
Litteratur Alm, Jens M.: Vest-Oppland og Valdres. Beito, Olav T.: Norske målføretekster, s. 59-65 Jahr, Ernst Håkon: Den Store Dialektboka. Ree, Håkon: Dativ i mellomnorske bondebrev fra indre og ytre Østlandet Skogstad, Ola: Austlandsmål : språkarv og språkbruk på indre Austlandet. Skramstad, T.: Oslocirkumferensen og språklig regionalisering.
Kategori:Norske målføre