Lou Courtney (, fødenamn Louis Russell Pegues}}) var ein USA-amerikansk soulsongar og låtskrivar, som hadde fleire hittar i 1960- og 1970-åra, både som artist og låtskrivar.

Som Lew Courtney spelte han inn den første plata si for Imperial Records i 1962. Han arbeidde òg i New York City som låtskrivar med fødenamnet sitt, Louis Pegues, og skreiv for Chubby Checker i tillegg til Mary Wells-hitten «Ain't It the Truth» frå 1964. Med Dennis Lambert var han medlåtskrivar for popsongane «Find My Way Back Home» for The Nashville Teens, «Do the Freddie» for Freddie and the Dreamers og «Up and Down» av The McCoys. Songar skrivne av Lou Courtney, MusicVf.com. Henta 29. september 2020

I 1966 fekk han kontrakt hos Riverside Records, og som Lou Courtney spelte han inn fleire dansebaserte songar. Den første hitten hans, «Skate Now», nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista og 71. plassen på Hot 100 i 1967, og vart følgd av «Do the Thing» (nr. 17 R&B, nr. 80 pop). Biography, Allmusic.com. Henta 29. september 2020

I 1970-åra gav han ut eit album, I’m In Need of Love, og gav ut Bonnie Raitt-albumet Streetlights i 1974, som Ragovoy produserte.

Han skipa eit band, Buffalo Smoke, som gav ut fleire singlar, inkludert ein funkversjon av «Stubborn Kind of Fella», og eit album på RCA Records i 1976. Buffalo Smoke LP, Discogs.com. Henta 29. september 2020 I 1978 var Courtney ei kort stund medlem av The 5th Dimension.

Diskografi Singlar År Singel Listeplassering US Pop USR&B 1967 «Skate Now» 71 13 «Do the Thing» 80 17 «You Ain't Ready» - 46 «Hey Joyce» - 43 1973 «What Do You Want Me To Do» - 48 1974 «I Don't Need Nobody Else» - 67

Album Skate Now - Shing-A-Ling (Riverside, 1967) I’m In Need of Love (Epic, 1974) Buffalo Smoke (RCA, 1976)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lou Courtney» frå , den 29. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Diskografi

Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå Buffalo i New York Kategori:Musikarar frå New York