Birger Solberg Meling () er ein norsk fotballspelar frå Stavanger som sidan juli 2020 er aktiv i den franske fotballklubben Nîmes Olympique. Han hadde per oktober 2020 spelt 14 landskampar for Noreg.
Meling er sideback og gjorde 2014-17 teneste i Stabæk IF og deretter i Rosenborg BK fram til juli 2020. Med Rosenborg vart han norsk seriemeister både i 2017 og 2018.
Meling fekk sin landslagsdebut 5.oktober 2017 då Noreg vann 8-0 over San Marino. Dei neste 13 månadene var han jamt med i startellevaren til Noreg, dei neste to åra fekk han derimot få landskampar.
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Birger Meling» frå , den 15. oktober 2020.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Folk frå Stavanger