Bradley's Barn er det femte studioalbumet til det amerikanske rockbandet The Beau Brummels, utgjeve i oktober 1968. Det inneheld singlane «Long Walking Down to Misery» og «Cherokee Girl». Albumet vart kritikarrost og rekna som eit tidleg døme på countryrock. Bradley's Barn er i røynda eit platestudio i Nashville, eigd av Owen Bradley.

Innspling

I 1968 hadde bassisten Ron Meagher slutta i The Beau Brummels då han vart innkalla til militærteneste, og bandet var då redusert til ein duo som bestod av solovokalisten Sal Valentino og komponisten og gitaristen Ron Elliott. Dei arbeidde på eit nytt album i Bradley's Barn og fekk med seg kjende studiomusikarar frå Nashville, som Kenny Buttrey, trommeslagar for Bob Dylan i 1966–1969, og gitaristen Jerry Reed. The Beau Brummels var så nøgd med resultatet i studioet at dei kalla albumet Bradley's Barn. I følgje Elliott var ikkje stilen så forskjellig frå det førre albumet deira, Triangle, berre med meir preg av country.

The Beau Brummels vart oppløyst kort tid etter albumet var ferdig, men dei kom saman att ein kort periode i 1975. The Everly Brothers spelte inn songen «Turn Around» i 1968 på albumet Roots, der Elliott arbeidde som arrangør.

Innhald

Medverkande

David Briggs – klaverinstrument Kenny Buttrey – trommer Ron Elliott – gitar, vokal Norbert Putnam – bass Jerry Reed – gitar Sal Valentino – vokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bradley's Barn» frå , den 22. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:The Beau Brummels-album Kategori:Album produserte av Lenny Waronker