Kaimaklí (gresk Καϊμακλί, tyrkisk Kaymaklı eller Büyük Kaymaklı, "Store Kaimakli") er ein bydel i byen Levkosía i distriktet Levkosía i Republikken Kypros. Bydelen ligg aust i byen og grensar i sør til nabokommunen Aglandziá, i aust til busetnadene Týmvou og Palékythro, i nord til Néo Khório, Mía Miliá og Mándres.

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den austlege delen av bydelen vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av Lefkoşa (Nord-Levkosía).

Ved folketeljinga i 2021 hadde den delen av Kaimaklí som framleis er under kontroll av republikken Kypros 11 994 innbyggjarar, mot 11 564 innbyggjarar i 2011. Den delen som er administrert av Nord-Kypros vart rekna saman med Küçük Kaymaklı (Omorfíta). Dei hadde i alt 10 572 inbyggjarar i 2011.

Kjelder

Kategori:Bydelar i Levkosía