Tysfjord (lulesamisk Divttasvuodna) er ein tidlegare norsk kommune i Ofoten i Nordland. Frå 1. januar 2020 vart arealet delt i to og slått saman med høvesvis Hamarøy kommune og nye Narvik kommune (som òg inkluderer gamle Ballangen kommune).

Tysfjord kommune vart innlemma i Samisk språkforvaltingsområde 1. januar 2006, og var den einaste frå lulesamisk område på norsk side. Då kommunen vart delt vart den nye samanslåtte Hamarøy kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.

Administrasjonssentrum i Tysfjord var Kjøpsvik. Andre tettstader innanfor den gamle kommunegrensa er Drag, Storjord og Musken.

Geografi Den 1520 meter over havet høge Bjørntoppen, som ligg inne på høgfjellet aust for folkesetnaden, to kilometer vest for riksgrensa mot Sverige, er høgste fjelltoppen i Tysfjord kommune.

Næringsliv

Norcem har ein sementfabrikk i Kjøpsvik, med ca. 130 tilsette. Sementfabrikken vart etablert i 1920, og er basert på kalkstein.

Kultur og utdanning

Árran lulesamiske senter mini|Árran, julevsáme guovdásj, norsk senter for lulesamisk kultur og språk. På Drag ligg det lulesamiske senteret Árran. Senteret har ulike funksjonar innanfor administrasjon og undervisning, det inneheld eit lulesamisk museum og ein lulesamisk barnehage. Det inneheld også ei av Sametinget sine avdelingar, og Universitetet i Nordland sitt arbeid med lulesamisk. Árran arrangerer også kurs i lulesamisk.

Utdanningsinstitusjonar

Tysfjord kommune har tre grunnskolar, i Kjøpsvik, Drag og Storjord. Skolen i Drag er den einaste grunnskolen i Noreg som underviser i lulesamisk språk.

Kjende tysfjerdingar

Sven-Roald Nystø, tidlegare Sametingspresident Mikael Urheim, lærar som var med og standardiserte lulesamisk skriftspråk Stig Gælok, lulesamisk forfattar Frank A. Jenssen, forfattar Jack Berntsen, visediktar

Venskapsbyar Kirisji Gällivare

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tysfjord kommune» frå , den 4. januar 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kommunar i Nordland Kategori:Ofoten Kategori:Samiske kommunar Kategori:Tysfjord kommune