Eldar Heide () er ein norsk filolog og professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Virke Heide har magistergrad i norrøn filolog og tok i 2006 doktorgraden (dr.art.) ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Gand, seid og åndevind.

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har hatt ulike stillingar ved Høgskulen i Bergen frå 2014. Han var sekretær for Statens namnekonsulentar for norske stadnamn i Nord-Noreg 1998-2002 og han sit i Klagenemnda for stadnamnsaker frå mai 2020.https://språkrådet.no/globalassets/sprakarbeid/stedsnavn/klagenemnda/12_6_2020.pdf I september 2022 starta Heide podkasten Tru og meining i gammal tid. I januar 2025 fekk han det formelle ansvaret for nettstaden segner.no.

Den faglege profilen til Eldar Heide tar utgangspunkt i norrøn filologi slik det vart praktisert av dei første generasjonane av norrøntfilologar, der målet var (og for Heide er) å få ei heilskapleg forståing av det gamle samfunnet. Til det tar han i bruk alt tilgjengeleg materiale: Lingvistisk analyse av språklege minnesmerke, analyse av innheldet i dei gamle tekstane og av den førkristne religionen.

Sentrale bidrag til faglitteraturen er etymologiar til sentrale ord som «viking» (2005, 2008) og om stadnamn som «Noreg» (2017) «Stjørdal» (2022) og Håja (2013). Arbeida hans om «horg» (2015, 2025) kombinerer etymologi og religionshistorie til ei ny forståing av stadnamna med horg, som han i monografien om emnet (2025) argumenterer for er av ulike typar i det nordgermanske språkområdet. Heide har også forska på møtet mellom samisk og norrøn religion, både i doktoravhandlinga si (2006) og i seinare arbeid (2022).

Når det gjeld meir moderne språk har han forska på språkendring i tidleg moderne tid (2013b) om overgangen frå mellomnorsk til nynorsk (2010).

Eit sentralt metodologisk prinsipp for heide er den såkalla retrospektive metoden, dvs. at i tillegg til dei historiske kjeldene tar forskaren i bruk seinare segner og folklore til å kaste lys over samfunnet på eldre samfunnssteg. Heide har m.a. tatt initiativ til eit Nettverk for retrospektiv metode for fagfolk som er interessert i å dra nytte av ein slik innfallsvinkel. I Heide (2009) drøftar han metodologiske aspekt ved denne metoden. Fagleg sett står den breie innfallsvinkelen Heide deler med dei første generasjonane av norrøntfilologar ofte i opposisjon til to dominerande trendar innafor faget det siste hundreåret: Først den heilskaplege innfallsvinkelen til forsking på førmoderne tid vart i første helfta av 1900-talet kritisert av forskarar som såg bort frå forklaringar grunna i (eldre) religion og mytologi og i seinare tiår ei stadig aukande spesialisering som har delt studiet av eldre tid opp i fleire og fleire deldisiplinar. Den breie innfallsvinkelen til Heide samsvarer med ei auka interesse for norrøn kultur i samtida, noko som kjem godt fram i interessa for podkasten Tru og meining i gammal tid.

Publikasjonar (utval)

2005: Víking – ’rower shifting’? An etymological contribution. Arkiv för nordisk filologi. 41-54. 2006: Spinning seiðr. In Anders Andrén et. al. (red.): Old Norse religion in long-term perspectives. Origins, changes, and interactions. An international conference in Lund, Sweden, June 3-7, 2004. Vägar till Midgård 8. Lund: Nordic Academic Press. 164-70. 2006: Gand, seid og åndevind. Avhandling til graden dr. art, Universitetet i Bergen. 2008: "Viking, week, and Widsith. A reply to Harald Bjorvand". Arkiv för nordisk filologi 123, pp. 23–28. 2009: More inroads to pre-Christian notions, after all? The potential of late evidence. Á austrvega. Saga and East Scandinavia. Preprint Papers of The 14th International Saga Conference. Uppsala, 9th–15th August 2009. 361-68. 2010: Tjukk l – Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet. Om kvalitetskløyvinga av det gamle kvantitetssystemet. Maal og minne 3-44. 2012: Loki, the Vätte, and the Ash Lad: A Study Combining Old Scandinavian and Late Material. Viking and Medieval Scandinavia 7 (2011), 63–106. 2013a: "Håja / *Háey i Troms og Finnmark – høgøya og hai(finne)øya?” Namn og nemne. 101-06. 2013b: "Tidleg dialektkontakt i Nord-Noreg". Maal og minne hefte 1-2013. 14 sider. 2014: Contradictory cosmology in Old Norse myth and religion – but still a system? Maal og minne. 102-43. 2014: Møte i døra. Tyranni, rett og sjølvbedrag i Egilssoga – og tvitydige situasjonar i islendingsogene. 7-40. 2014: The early Viking ship types. Sjøfartshistorisk årbok 2012. 81-153. 2015: Hǫrgr in Norwegian names of mountains and other natural features. Namn og Nemne 2014. 7-51. 2017: Det norske språkmangfaldet og opplæringa i norsk som andrespråk. Norsklæreren 3-2017. 16-27. 2017: Noregr tyder nok vegen mot nord, likevel. Namn og nemne 2016. 13-37. 2018: The Literary Re-Use of Myths in Þorsteins þáttr bǿjarmagns: A Key Elf Queen Legend and Another Twist on the Twist. I Daniel Sävborg & Karen Bek-Pedersen (red.): Supernatural Encounters in Old Norse Literature and Tradition. Borders, Boundaries, Landscapes 1. Turnhout: Brepols. 215-37. 2018: Áns saga bogsveigis – A Counterfactual Egils saga and yet another Twist on the Myth of Þórr’s Visit to Útgarða-Loki. Edda. 147-61. 2022: "Stjørdalen, Stjørna og Skjørin – med nokre metodevurderingar". Namn og nemne 39. 69-88. 2022: Old Icelandic and Sami ancestor mountains: A comparison. I: Håkan Rydving & Konsta Kaikkonen (eds.): Religions around the Arctic. Source Criticism and Comparisons. Stockholm: Stockholm University Pres. 31-76. 2025: Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers. Oslo: Scandinavian University Press.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Privat/fagleg nettside

Kategori:Norske filologar Kategori:Professorar ved Høgskulen på Vestlandet