Karl Ove «Kalle» Moene () er ein norsk økonom og professor ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Moene vart fødd på Voss og voks opp i Bergen. Han er cand. oecon. frå Universitetet i Oslo (UiO) i 1977 og er dr. philos. frå 1984. Han var professor ved UiO frå 1987. Hans viktigaste arbeidsfelt har vore fordelingsspørsmål og samanlikning av økonomiske institusjonar, særleg i arbeidsmarknaden. Han er kjend som ein original tenkjar med ein spiss penn. Han skriv jamleg kronikkar i Dagens Næringsliv. Sidan 2002 har Moene vore knytt til Centre for the Study of Civil War ved Institutt for fredsforsking.

Moene leiar eit forskingsarbeid som skal analysera samanhengane mellom sosial organisering (særleg på arbeidsmarknaden), økonomisk utvikling og fordeling av velstanden.Professorens julekupp Dette prosjektet vert forkorta ESOP (Equality, Social Organization and Performance), og vert ofte referert til som forsking på «den nordiske modellen». I eit arbeid om lønslikskap viser han saman med Erling Barth at ein generøs velfedsstat bidreg til lønnssamanpressing og at lønnssamanpressing gjev auka oppslutning om ein generøs velferdsstat.Moene, K and Barth, E 2009. The Equality multiplier. NBER working paper series Dei to mekanismane understøttar kvarandre og gir opphav til ein likskapsmultiplikator. Likskapsmultiplikatoren kan likevel òg vera negativ og føra til auka ulikskap – som i USA i perioden 1981-2001.

Prisar og utmerkingar I 2011 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris «for sin evne til å forklare komplekse økonomiske spørsmål på en forståelig måte»Forskningsrådets formidlingspris til Kalle Moene 23.09.2011 og same året vart han også tildelt Akademikerprisen.Akademikerprisen til Kalle Moene 09.10.2011 I 2016 vart han tildelt forskingsutmerkinga Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning.– En ære å få pris Dagsavisen I 2019 fekk han Kverulantkatedralens økonomipris.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Karl Ove Moene» frå , den 21. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Karl Ove Moene - Store norske leksikon Nettisde ved Universitetet i Oslo forskning.no «Formidlingsmester Moene» (portrettintervju) 23.09.2011

Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske økonomiprofessorar