The Mamas er ei svensk-amerikansk soul- og gospelgruppe, beståande av Ashley Haynes, Loulou Lamotte og Dinah Yonas Manna. The Mamas vann Melodifestivalen 2020 og skulle ha representert Sverige i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Move». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.
Bakgrunn Gruppa vart skipa i 2019 og består av tre medlemmar: Ashley Haynes (fødd 19. januar 1987 i Washington D.C.), Loulou Lamotte (fødd 16. april 1981 i Malmö) og Dinah Yonas Manna (fødd 5. september 1981 i Stockholm). Ein fjerde medlem, Paris Renita, forlét gruppa i 2019.
Gruppa sørgde for støttevokal for John Lundvik sin song «Too Late for Love», som vann Melodifestivalen 2019. Lundvik og The Mamas representerte deretter Sverige i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.Swedens John Lundvik storms into Eurovision final The Local Retrieved 2. februar 2020 Bidraget enda til slutt på femteplass i finalen 18. mai 2019.
I slutten av 2019 vart det offentleggjort at The Mamas – utan Paris Renita – skulle deltake på ny i Melodifestivalen, denne gongen med sitt eige bidrag, «Move». Dei deltok i den fyrste semifinalen laurdag 1. februar i Linköping og kvalifiserte seg til finalen 7. mars 2020 i Friends Arena i Stockholm. Robin Bengtsson and The Mamas to Melodifestivalen final eurovision.tv Retrieved 2. februar 2020
The Mamas vann ein knapp siger i Melodifestivalen 2020 med 137 poeng – berre eitt poeng føre Dottar og songen «Bulletproof». Med sigeren skulle The Mamas ha representert Sverige i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, i den fyrste semfinalen tysdag 10. mai 2020. Robin Bengtsson and The Mamas to Melodifestivalen final eurovision.tv Retrieved 2. februar 2020 På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.
I 2021 deltok The Mamas i Melodifestivalen med songen «In the Middle». Dei deltok i den fjerde semifinalen laurdag 27. februar og kvalifiserte seg til finalen 13. februar 2021. Bidraget enda til slutt på ein tredjeplass i finalen.
Diskografi
Singlar TittelÅrHøgaste plasseringAlbumSVE«Move»20201 rowspan="2" «Let It Be»–
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Mamas» frå , den 31. mars 2021.
Kategori:Svenske musikkgrupper Kategori:Melodifestival-vinnarar Kategori:Melodifestival-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2020-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2021-deltakarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar