Lidija Andrejevna Ruslanova () var ein russisk songar som var ein av dei best kjende utøvarane av russisk folkemusikk på 1900-talet. Ho har fått æra for å ha gjenoppliva gamle folkeviser og gjera dei kjende for eit yngre publikum.

Bakgrunn Ruslanova kom frå landsbyen Tsjernavka nær Saratov, og blei døypt Agafia Lejkina (). Familien hennar var fattige bønder. Mor hennar tilhøyrde det finsk-ugriske erzjafolket. Då Ruslanova var fem år gammal var ho blitt foreldrelaus; far hennar hadde døydd i den russisk-japanske krigen og mora kort tid etter. Derfor budde Ruslanova store delar av barndommen på barneheim.MacFadyen, s. 201-202 Ho byrja synga då ho blei med i eit lokalt barnekor i soknet, og blei snart solist der.

Onkelen hennar fekk henne ein jobb ved ein møbelfabrikk. Ein av fabrikkeigarane høyrde henne synga medan ho arbeida, og føreslo at ho skulle studera ved Saratov-konservatoriet.MacFadyen, s.202 Ho skal ikkje ha likt desse akademiske studia.

Under fyrste verdskrigen arbeidde ho på eit sjukehustog. I denne perioden møtte ho Vitalij Stepanov, som ho fekk eit barn med i mai 1917. Han fortlet henne etter eit år. Ifølgje ei kjelde frå Saratov gifta ho seg med ein annan mann som seinare døydde i den russiske borgarkrigen, og som ho tok etternamnet sitt frå.MacFadyen, s.202–3

Karriere Ruslanova hadde sin fyrste konsert som sekstenåring, for eit militært publikum, der ho song heile repertoaret sitt. Ho byrja å synga for russiske soldatar under den russiske borgarkrigen, og debuterte som profesjonell songar i Rostov-na-Donu i 1923. Ho skilde seg ut med den særmerkte stemmen og klangfargen sin, som gjekk tilbake til gamle tradisjonar der kvinner opptredde ved festlege høve. Fram til 1929 budde ho saman med ein tilsett i tsjekaen. Deretter gifta ho seg opp att, med Vladimir Krjukov.MacFadyen, s. 203

mini|venstre|Lidija Ruslanova med trekkspel på 1930-talet. På 1930-talet blei Ruslanova svært populær. Ho blei artist for den statlege samskipnanden av musikalske, varieté- og sirkusføretak i 1933, og opptredde over heile Russland gjennom resten av tiåret. Då andre verdskrigen braut ut drog ho utan opphald på turné frå ein front til ein annan, og bidrog til å støtta kampviljen til soldatane med patriotiske songar.MacFadyen, s. 204 Kjenningssongane hennar ver «Valenki» og «Katjusja». Under Slaget om Berlin opptredde ho ved dørene til den rykande rikdsdagsbygningen.

mini|venstre|Lidija Ruslanova i folkedrakt opptrer saman med eit sovjetisk soldatorkester ved riksdagen i Berlin i 1945.

Ruslanova blei ei av dei rikaste kvinnene i Sovjetunionen, og bidrog mellom anna til å finansiera bygginga av to Katjusja-batteri som ho overleverte til Den raude armeen i 1942. Dette året blei ho utnemnd til Æresartist av Den russiske sovjetiske føderale sosialistrepublikken. Den folkelege oppførselen og språkføringa hennar gjorde henne så populær blant soldatane at styresmaktene såg henne som ein mogleg trugsel. I 1948 blei ektemannen til Ruslanova, løytnant-generalen og krigshelten Vladimir Krjukov arrestert grunna tilknytinga si til marskalk Georgij Zjukov, ein politisk motstandar Josef Stalin såg på som eit trugsmål. Han blei sendt til gulag i 25 år. Ruslanova blei arrestert to år etter han. Ho blei tvinga til å skriva under på ei erklæring om at mannen var skuldig i landssvik, men nekta. Ho blei dømd til tvangsarbeid ved gulag i 10 år.

I arbeidsleiren ho blei send til blei Ruslanova feira som ei stor stjerne, både av innsette og tilsette. Ho blei difor flytta til ei fengselcelle i Vladimirskij Tsentral. Etter at Stalin døydde blei ekteparet sleppt fri. Ruslanova blei frigjeven 4. august 1953, og var då tynn og gråhåra og hadde vanskar med å gå. Ho byrja likevel nesten med ein gong å halda konsertar att. Tida hennar i fengsel blei ikkje nemnd i pressa før fleire tiår seinare.MacFadyen, s. 208 Ruslanova leia den fyrste All-sovjetiske festivalen av sovjetiske songar, saman med Leonid Utjosov, Mark Bernes og Klavdija Sjulzjenko. Ho fortsette å synga heilt til ho døydde i 1973, 72 år gammal.

Lidija Ruslanova er gravlagd ved Novodevitsjijgravstaden. Eit krater på Venus, Ruslanova, er kalla opp etter henne.

Diskografi

1996: Поёт Лидия Русланова 2000: Царица Русской песни 2001: Великие исполнители России XX века 2002: Русские народные песни 2007: Имена на все времена

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lidia Ruslanova» frå , den 25. mai 2021.

Kategori:Russiske songarar Kategori:Russisk folkemusikk Kategori:Songarar frå 1900-talet Kategori:Russarar frå 1900-talet