mini|Tre kapra fly i Jordan 6. september 1970.
Flykapring er ei hending der nokon med vald eller trugsmål om vald tek over kontrollen av eit fly. Dei som utfører ei slik handling vert kalla «flykaprerar». Kaprarane er ofte væpna, for lettare å kunna tvinga pilotane til å gjera som dei vil. Men det finst òg døme på at kaprarane har teke over flyginga, som under 11. september-åtaka i USA.
I perioden 1969-1972 var det særs mange flykapringar, berre i 1969 var det 86 kapringar og i 1970 var det 78«Statistics», Aviation Safety Network (vitja 28. mai 2021.). For å få slutt på kapringane vart det innført betre kontroll på flyplassane, men gjennomlysing av bagasjen og passasjerane laut gå gjennom ein metalldetektor. Desse tiltaka har redusert talet på kapringar drastisk, og i 2015, 2017 og 2020 var det i fylgje Aviation Safety Network ingen kapringar.
Politiske kapringar Mange av kapringane på 1960- og 1970-talet var politisk motiverte, og vart utførte for å få internasjonal merksemd. Nokre kapringar utførte av militante palestinske grupper har vore av denne typen«1970: Hijacked jets destroyed by guerrillas», BBC News, 12. september 1970..
Romlingar Nokre kapringar har vore utførte av personar som freista å koma unna krigsområde eller autoritære styresmakter«History of airliner hijackings», BBC News, 2. oktober 2001..
Stalege kapringar Statlege kapringar er sjeldne, men det finst eit par døme på at nasjonalstatar har teke seg til rette og kapra fly.
Europeisk kapring på oppdrag frå USA Den 1. juli 2013 vart flyet til den bolivianske presidenten Evo Morales omdirigert til Wien, etter at det hadde vorte nekta å nytta luftromet til Frankrike, Italia, Portugal og Spania«Spain 'told Edward Snowden was on Bolivia president's plane'», BBC News, 5. juli 2013.. Morales var på tur heim frå ein konferanse i Russland og USA trudde at Edward Snowden kunne vera ombord i flyet. Flyet vart halde på flyplassen for 13 timar, og i fylgje Daily dot vart flyet ransaka, men dei fann ikkje Snowdon ombord.K. Collier, «Bolivian president’s plane boarded in hunt for Snowden», Daily dot, 3. juli 2013. Hendinga førte til diplomatisk usemje i ettertid og fleire latinamerikanske land fordømte det som hadde skjeddS. Shahriari, J. Watts og D. Roberts, «Bolivia complains to UN after Evo Morales' plane 'kidnapped'», The Guardian, 3. juli 2013.. Det er ikkje kjent at noko NATO-land fordømde kapringa.
Kviterussisk kapring Den 24. mai 2021 tvinga KGB-offiserar og kviterussiske jagarfly eit fly frå Ryanair til å landa i Minsk, for å arrestera den regimekritiske journalisten Roman ProtasevitsjA. Strønen, J.E. Kruse og M. Kristensen «Ryanair-fly tvunget ned: Hevder KGB-agenter sa det var bombe om bord», NRK, 26. mai 2021.. Denne hendinga vart fordømt av dei fleste vestlege land og det vart truga med sanksjonar«Sanctionné par l’UE, le président biélorusse Alexandre Loukachenko rend visite à Vladimir Poutine», Le Monde, 28. mai 2021. S.K. Hotvedt og M. Kolberg, «USA støttar sanksjonar mot Kviterussland», NRK, 25. mai 2021.. EU gav råd til flyselskap om å unngå kviterussisk luftrom.
Referansar
Kategori:Luftfart