Attila Zsivóczky () er ein ungarsk tidlegare mangekjempar frå Budapest. Han vann bronsen i tikampen under VM 2005, året etter vann han sølv i same ved EM 2006. Gyula Zsivótzky, olympisk meister i sleggjekasting, var far hans.
Aktiv Attila Zsivóczky varti 1996 junior-verdsmeister i tikamp i Sydney. Fem år seinare kneip han fjerdeplassen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I 2005 vart han med 8 480 poeng andremann i Götzis-stemnet, 54 poeng bak Roman Šebrle frå Tsjekkia. Under verdsmeisterskapen i Helsinki same året fekk Zsivóczky bronsemedaljen i tikampen, slått av Bryan Clay frå USA og nemnde Šebrle. Sommaren 2006 sikra Zsivóczky seg, med liten margin, sølvmedaljen då europameisterskapen fann stad i Göteborg, atter vart han klart slått av Roman Šebrle.
Zsivóczky sin personlege rekord i tikamp oppnådde han i juni 2000, med 8 554 poeng vart han då femtemann under meistermøtet i Götzis.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 16 – 7 876 poeng VM 1999 i Sevilla: Nr 10 – 8 019 poeng OL 2000 i Sydney: Nr 8 – 8 277 poeng VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 8 371 poeng OL 2004 i Aten: Nr 6 – 8 287 poeng VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 385 poeng EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 8 356 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 12 – 8 017 poeng OL 2008 i Beijing: Braut etter ei øving EM 2014 i Zürich: Nr 17 – 7 646 poeng
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Attila Zsivóczky» frå , den 15. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Ungarske mangekjemparar Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008