Safran Sensing Technologies Norway AS er ein norsk produsent og utviklar av MEMS-gyrosensorar med høg presisjon. Føretaket vart etablert i 2012, då det overtok konkursbuet til Sensonor Technologies AS, som vart etablert i 1985 som SensoNor ASA. På 1990-talet var føretaket den største produsenten i verda av krasjsensorar for kollisjonsputer, men mista marknadsdelen mot årtusenskiftet då nyare teknologi tok over. Sensonor Techonologies var vidare ein del av Infineon Technologies frå juni 2003 til 28. februar 2009, då under namnet Infineon Technologies SensoNor AS.tu.no, 20. februar 2009: SensoNor igjen på norske hender I denne perioden var føretaket verdensledende innanfor trykksensormarknaden for bildekk, med ein stor marknadsdel. Etter 2009 har føretaket fokusert på MEMS-gyroar med høg presisjon og stabilitet, med gyroprodukta STIM202, STIM210 og IMUen STIM300.sensonor.com, 13. januar 2010: Sensonor announces a breakthrough in MEMS Gyro performance sensonor.com, 24. november 2010: Sensonor launches new Gyro sensor Føretaket har 62 tilsette og er lokalisert i Vestfold, med produksjonslokale og kontor både i Horten og på Skoppum. Administrerande direktør er Valerie Redron. Frå 21. april 2022 heiter selskapet Safran Sensing Technologies Norway AS. Det tidlegare namnet på verksemda var Sensonor AS, og endå tidlegare SensoNor ASA.
Historie Føretaket vart starta i Horten 1. mars 1985, og baserte seg på kompetanse og kunnskap frå Akers Electronics.forskning.no, 10. oktober 2002: Mikroelektronikkens Grand old man
På 1990-talet hadde føretaket internasjonal suksess med SA20, ein sensor for kollisjonsputesystem. Denne var basert ein piezoresistiv bjelke av silisium.hive.no, 20. februar 2009 Rundt 35 millionar sensorar vart seld over heile verda, og selskapet hadde 60-70% av marknaden for kollisjonsputesensorar i Europa.hibu.no, 20. februar 2009
Sensonor mislukkast likevel i utviklinga av kollisjonsputesensoren til neste generasjon, kalla SA30, som til slutt vart oppgjeve.etn.se 1. april 2000 Omsetnaden sokk frå 170 mNOK i 1997 til 50 mNOK i 1999.forskning.no, 10. oktober 2002: Mikroelektronikkens Grand old man Dermed hamna føretaket i store økonomiske problem og mykje børsuro. Dette kulminerte i at føretaket i 2003 vart kjøpt opp av den store tyske elektronikk-konsernet Infineon Technologies AG.
Parallelt med utviklinga av SA30 hadde Sensonor òg utvikla ein trykksensor, SP12. Denne var berekna for bruk i TPMS-system, det vil seia overvåkning av lufttrykk i bildekk. I likskap med tidlegare produkt var òg denne basert på piezoresistive motstandar som var implantert i ein silisiumkrystall, men i tillegg var silisiumskiva innkapsla mellom to glasskiver. Det var denne teknologien som gjorde det norske selskapet interessant for Infineon.
Seinare utvikla Sensonor forbetra versjonar, SP30 og SP35. Disse var fram til 2009 hovudprodukta til selskapet, men vert produsert og vert i dag selt av Infineon.
Rundt årtusenskiftet vart det dessutan utvikla ein gyro-sensor, SAR10, som var berekna på bruk i svenske Autolivs tryggleikssystem for sidekollisjonsputer. Denne vart ein suksess og vart produsert i stort mengd.
MEMS-gyroen STIM210 vart nominert til Årets Ingeniørbragd 2011 av Teknisk Ukeblad, og enda til slutt på andreplass etter å ha vunne stemmane til lesarane.
Sensonor vart slege konkurs 17. februar 2012, men konkursbuet vart selt til nye eigarar frå Sveits og Noreg 30. mars same år og verksemda vart starta opp igjen.tb.no, 17. februar 2012: Teknologibedriften Sensonor konkursGjengangeren.no, 30. mars 2012: Nye eiere på Sensonor
Dei tre åra 2018-2020 leverte verksemda positive resultat.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sensonor» frå , den 17. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2012 Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Norske industriselskap