mini|Vasilijkatedralen ved Den raude plassen i Moskva Russisk kultur er kulturen til folkegruppa russarar og dei mange andre folkegruppene i Russland. Kulturen har rike tradisjonar på ei rekkje område, som litteratur, filosofi, musikk, folkedans,Compare: ballett, arkitektur, biletkunst, film og animasjon. Innan alle desse områda har Russland hatt betydeleg påverknad på global kultur. Russland har også ein rik materiell kultur og ein lang tradisjon innan vitskap og teknologi.

Nasjonalsymbol mini|portrett|Emblemet til det russiske kulturdepartementet. Bildet viser ei krona dobbeltørn der krona i midten er knytt til to andre kroner. Dette er ofte brukt som eit biletdøme på naturen til russisk kultur. Eit hovud ser mot Europa og speglar det vesteuropeiske elementet i russisk kultur, det andre ser mot Asia og symboliser det austlege elementet i Russland.

Statssymbol Russiske statssymbol er mellom anna den austromerske dobbeltørna, kombinert med St. Georg av Moskva i Det russiske riksvåpenet; desse symbola stammar frå tida for Storhertugdømet Moskva. Det russiske flagget dukka opp seint i tsar-tida, og blei mykje brukt i Det russiske imperiet. Den noverande russiske nasjonalsongen har same melodi som den tidlegare sovjetiske nasjonalsongen, men ikkje same tekst, sjølv om mange russarar frå eldre generasjonar ikkje kjenner til dei nye tekstane og syng dei gamle. Mottoet til Det russiske imperiet, «Gud er med oss», og Sovjetunionen sitt motto «Proletarar i alle land, samein dykk!» er no forelda, og landet har ikkje offisielt innført noko nytt motto for å erstatta dei. Hammar og sigd og det fulle sovjetvåpenet er framleis til stades i russiske byar som ein del av gamle arkitektoniske dekorasjonar. Sovjetiske raude stjerner ser ein òg, ofte på militært utstyr og krigsminnesmerke. Det sovjetiske raude banneret er framleis æra, særleg sigersbanneret frå 1945. mini|Opna matrjosjkadokke.

Uoffisielle symbol Matrjosjkadokka er eit gjenkjenneleg symbol på Russland, medan tårna til Kreml i Moskva og Vasilijkatedralen i Moskva er dei viktigaste arkitektoniske symbola på landet. Jomfru Maria, heilage Nikolas, apostelen Andreas, heilage Jørgen, heilage Aleksandr Nevskij, heilage Sergius av Radonezj og heilage Serafim av Sarov er vernehelgenar for Russland. Den russiske nasjonale personifiseringa er kvinna Moderlandet (Родина мать), kallar Moder Russland i Vesten, som er avbilda i ein kjend statue på Mamajev Kurgan ved Volgograd (tidlegare Stalingrad). Kamille er ein blome som russarar ofte forbind med moderlandet sitt, medan bjørk er eit nasjonaltre. Den russiske bjørnen er eit dyr ein ofte knyter til Russland, sjølv om dette bildet har vestleg opphav, og russarane sjølv ikkje ser på det ikkje som eit spesielt symbol. Tsjeburasjka er ein maskot for det russiske OL-landslaget.

Språk og litteratur

Dei 160 folkegruppene i Russland snakkar rundt 100 språk. Ifølgje folketeljinga frå 2002 snakka 142,6 millionar menneske i landet russisk, følgd av tatarisk med 5,3 millionar talarar og ukrainsk med 1,8 millionar talarar. Russisk er det einaste offisielle statsspråket, men grunnloven gjev einskilde republikkar retten til å gjera sine lokale språk offisielle i lag med russisk (jf. Sovjetisk språkpolitikk for ei framstilling av bakgrunnen for denne politikken). Sjølv om språket er spreidd over eit stort område, er russisk relativt homogent gjennom heile Russland. Russisk er det mest geografisk utbreidde språket i Eurasia og det mest utbreidde slaviske språket. Russisk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien og er eit av dei levande medlemmane av austslaviske språk, saman med kviterussisk og ukrainsk (og kanskje rusinsk). Det finst skriftlege døme på gammalaustslavisk (gammalrussisk) frå 900-talet av.

Over ein fjerdedel av den vitskaplege litteraturen i verda er gjeven ut på russisk. Russisk blir også brukt til å lagra universell kunnskap — 60–70 % av all informasjonen i verda er gjeven ut på engelsk og russisk. Russisk er eit av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane.

Folkeminne mini|Bogatyrar av Viktor Vasnetsov. Tre heltar frå russisk mytologi: Dobrynja Nikititsj, Ilja Muromets og Aljosja Popovitsj. mini|Palekh-miniatyr av eventyrfiguren Vasilisa den vene.

Nyare russisk folkeminne byggjer på den heidenske trua til gamle slaviske folk, som har halde seg ved like i russiske tradisjonar. Episke russiske bylina-verk er også ein viktig del av slavisk mytologi. Dei eldste bylinaene frå Kiev-syklusen blei i røynda for det meste skrivne ned i Nord-Russland, særleg i Karelen, der mykje av det finske nasjonaleposet Kalevala også blei skrive ned.

Mange russiske eventyr og bylinaer er filmatiserte som animasjonar eller spelefilmar av kjende regissørar som Aleksandr Ptusjko (Ilja Muromets, Sadko) og Aleksandr Rou (Morozko, Vasilisa den vene). Ein del russiske diktarar, som Pjotr Jersjov og Leonid Filatov, laga fleire kjende poetiske fortolkingar av klassiske russiske eventyr, og nokre høve, som med Aleksandr Pusjkin, skapte dei også eigne kunsteventyr-dikt som blei særs populære.

Folkloristar i dag reknar Sovjetunionen på 1920-talet som ein gullalder for folklore. Dei nye styresmaktene, som hadde hendene fulle med å skipa eit nytt system for administrasjon og fornya den gammaldagse økonomien til landet, hadde fyrst ikkje tid til å kontrollera litteraturen, så studiar av folklore blømde fritt. Etter at Josef Stalin kom til makta og innførte sin fyrste femårsplan i 1928, byrja dei sovjetiske styresmaktene å kritisera og sensurera folklorestudiar. Stalin og sovjetregimet undertrykte folklore, som dei meinte støtta opp om det gamle tsar-styre og ein kapitalistisk økonomi. Dei såg på det som minne om eit gammaldags samfunn som bolsjevikane prøvde hardt å avvikla og erstatta med sitt eige system.Felix J. Oinas, "The Political Uses and Themes of Folklore in the Soviet Union," Journal of the Folklore Institute 12 (1975): 157. For å halda folklorestudiar i sjakk og hindra at «upassande» idear spreier seg blant massane, oppretta regjeringa den russiske foreininga for proletariske forfattarar. Foreininga fokuserte spesifikt på å sensurera eventyr og barnelitteratur, og meinte at fantasi og «borgarleg tullskap» skadde utviklinga av gode sovjetiske borgarar. Eventyr blei tekne vekk frå bokhyller og ungar blei oppmuntra til å lesa bøker om natur og vitskap.William B. Husband, "’Correcting Nature's Mistakes’: Transforming the Environment and Soviet Children's Literature, 1828–1941," Environmental History 11 (2006): 304. Den russiske foreininga for proletariske forfattarar utvida etterkvart graden av sensur, og blei til Den sovjetiske forfattarforeininga i 1934.

Bortsett frå å sirkulera regjeringsgodkjente eventyr og bylinaer som allereie eksisterte, skreiv forfattarar som følgde godkjend sovjetisk ideologi under Stalin sitt styre kommunistiske eventyr og introduserte dei for befolkninga. Desse moderne eventyra kombinerte strukturane og motiva til den gamle bylinaen med det moderne livet i Sovjetunionen. Dei nye historiene blei kalla noviny, og blei haldne fram som ein renessanse av det russiske eposet.Oinas, "Political Uses and Themes," 169. Folkloristar blei bedne om å læra moderne folkesongarar den konvensjonelle stilen og strukturen til tradisjonelle bylinaer. Dei forklarte òg utøvarane dei rette typane kommunistisk ideologi som skulle vera representerte i dei nye historiene og songane.Oinas, "Political Uses and Themes," 161. Sidan utøvarar på den tida ofte var dårleg utdanna, trong dei å få ei grundig forståing av marxistisk ideologi før dei kunne forventast å formidla folkeeventyr til publikum på ein måte som passa den sovjetiske regjeringa. I tillegg til å ha gjennomgått ei omfattande opplæring, reiste mange folkekunstnarar gjennom heile landet for å få innsikt i livet til arbeidarklassen, og dermed kommunisera historiene sine meir effektivt.Frank J. Miller, «The Image of Stalin in Soviet Russian Folklore,» Russian Review 39 (1980): 54. På grunn av den avgjerande rolla si med å spreia kommunistiske ideal i heile Sovjetunionen, blei nokre av desse utøvarane til slutt høgt verdsette medlemmer av det sovjetiske samfunnet. Ei rekke av dei blei, sjølv om dei kunne vera analfabetar, valde som medlemmer av Den sovjetiske forfattarforeininga.Oinas, "Political Uses and Themes," 164.

Dei nye sovjetiske eventyra og folkesongane la hovudsakleg vekt på skilnaden mellom eit hardt liv i det gamle Tsar-Russland og eit betra liv under leiarskapen til Stalin.Felix J. Oinas, "Folklore and Politics in the Soviet Union," Slavic Review 32 (1973): 48. Karakterane deira representerte identitetar som sovjetiske borgarar skulle streva etter, og eksemplifiserte eigenskapane til «den nye sovjetiske mannen.»Farrer, "Ideological Strategy," 57. Heltane til sovjetiske historier var meinte å skildra ein transformert og forbetra versjon av den gjennomsnittlege borgaren, noko som gav lesaren eit klart mål for eit ideelt samfunnsorientert sjølv som framtida han eller ho var meint å bli. Desse nye folkeeventyra erstatta magi med teknologi, og overnaturlege krefter med Stalin.Schlauch, "Folklore in the Soviet Union," 220. I staden for å få viktige råd frå eit mytisk vesen, kunne hovudpersonen få råd frå ein allvitande Stalin. Om han følgde råda til Stalin, kunne han vera sikra suksess i alle prøvingane sine og ein fullstendig transformasjon til «den nye sovjetiske mannen.»Miller, "Image of Stalin," 55. Skurkane i desse moderne eventyra var «dei kvite» og leiaren deira Idolisce, som tilsvarte tsaren. Skildringar av dei kvite i nyheita speglar dei av tartarane i bylinaer.Oinas, "Political Uses and Themes," 166. I desse nye historiene var dei kvite inkompetente, stilleståande kapitalistar, medan dei sovjetiske innbyggarane blei uovervinnelege heltar.Husband, "Transforming the Environment," 305."

Etter at Stalin døydde i mars 1953, forlét folkloristane raskt dei nye eventyra. Noviny var skrivne av einskilde forfattarar og utøvarar, og kom ikkje frå den munnlege tradisjonen til arbeidarklassen. I dag er dei rekna som pseudo-folklore, heller enn verkeleg sovjetisk (eller russisk) folklore.Oinas, "Political Uses and Themes," 172.

Litteratur

mini|Lev Tolstoj er ein viktig figur innan russisk litteratur.

Russisk litteratur omfattar nokre av dei mest kjende litterære verka i verda. Russisk litteraturhistorie kan førast tilbake til 900-talet. På 1700-talet blir utviklinga styrka av verka til Mikhail Lomonosov og Denis Fonvizin, og på byrjinga av 1800-talet hadde det oppstått ein moderne innfødd tradisjon som hadde produsert nokre av dei største forfattarane gjennom tidene. Denne perioden og gullalderen for russisk poesi byrja med Aleksandr Pusjkin, rekna som grunnleggjaren av moderne russisk litteratur og ofte omtalt som «den russiske Shakespeare» eller «den russiske Goethe». Utviklinga fortsette på 1800-talet med dikta til Mikhail Lermontov og Nikolaj Nekrasov, skodespela til Aleksandr Ostrovskij og Anton Tsjekhov og prosaen til Nikolaj Gogol, Ivan Turgenjev, Lev Tolstoj, Fjodor Dostojevskij, Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin, Ivan Gontsjarov, Aleksej Pisemskij og Nikolaj Leskov. Tolstoj og Dostojevskij var særskild viktige figurar, slik at mange litteraturkritikarar har skildra den eine eller den andre av dei som den største forfattaren nokosinne. Eit viktig tema i russisk litteratur har alltid vore den russiske sjela.