Dylan Armstrong () er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå British Columbia som vann sølv i kulestøyt ved VM 2011 og bronse i same øvinga ved VM 2013.
Aktiv I junioralderen prøvde Armstrong seg i fleire av kastøvingane, best gjorde han det i sleggjekasting. På seniornivå lukkast han betre i kulestøyt. Under Sommar-OL 2008 vart han fjerdemann etter ny personbeste på 21,04 meter, ein einaste centimeter bak Andrej Mikhnevitsj på bronseplassen. Meir enn seks år seinare fekk han bronsemedaljen etter at Mikhnevitsj mista alle sine resultatar etter 2005 på grunn av doping.
I 2010 vann Armstrong kuletevlinga i Samveldeleikane med 21,02 meter. Same året i juni forbetra han sin personbeste til 21,58 m ved eit stemne i Baunatal.
Den 25. juni 2011 støytte Armstrong kula 22,21 meter i Calgary, hans livs lengste støyt. Ved verdsmeisterskapen i Daegu i september nådde han 21,64 meter og tok sølvmedaljen, tyske David Storl vann gullet med 21,78 meter som best. I den neste verdsmeisterskapen, i Moskva i 2013, sikra Armstrong seg ein ny VM-medalje. Nemnde Storl og Ryan Whiting frå USA kom framom han på resultatlista.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa i sleggjekast (63,89 m=nr 31) VM 2007 i Osaka: Nr 9 i kulestøyt – 20,23 m OL 2008 i Beijing: Nr 3 i kulestøyt – 21,04 m VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa i kulestøyt (19.86 m=nr 16) VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje i kulestøyt – 21,64 m OL 2012 i London: Nr 5 i kulestøyt – 20,93 m VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje i kulestøyt – 21,34 m
I 2015 gifta Armstrong seg med den russiske kulestøytaren Jevgenija Kolodko.
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dylan Armstrong» frå , den 22. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Canadiske kulestøytarar Kategori:Canadiske sleggekastarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012