Javier Culson Rodríguez () er ein puertorikansk tidlegare friidrettsutøvar som utmerka seg i 400 meter hekk. I 2009 vart han den fyrste frå Puerto Rico som vann ein medalje i ein verdsmeisterskap i friidrett. To år seinare vann han ein ein ny sølvmedalje ved Friidretts-VM 2011 og i 2012 vann han bronsen i øvinga ved sommar-OL i London.
Aktiv I 2006 sigra Culson på langhekken under den ibero-amerikanske meisterskapen som då vart avvikla i heimbyen hans, Ponce. To år seinare sprang han for fyrste gong under 49 sekundar då han i Kingston vart klokka inn på 48,87. I juli 2009 flytta han landsrekorden til 48,29 sekund ved eit stemne i Monaco. Nokre veker seinare vann han sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Berlin på ny bestetid, 48,09, han var då 0,18 sekund attom Kerron Clement frå USA.
Den 8. mai 2010 i Ponce presterte Culson livsbeste med eit hekkeløp på 47,72 sekund. Hausten 2011 sikra han seg VM-sølv nummer to på tida 48,44, Dai Greene frå Storbritannia vart verdsmeister. I OL-finalen i London 2012 tok Culson bronsemedaljen på 48,10 sekund, vinnaren Félix Sánchez fekk 47,63 og toaren Michael Tinsley 47,91 i sluttider.
Culson var god for tider på 48-talet til 2017. Han la opp etter 2018-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (49,64=nr 19) OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane (49,85=nr 14) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 48,09, bakom Kerron Clement (47,91) VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 48,44, bakom Dai Greene (48,26) OL 2012 i London: Bronsemedalje – 48,10 VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 48,38 VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane (49,36=nr 18) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 (48,46 i semifinalane) VM 2017 i London: Utslått i forsøka (50,33=nr 27)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Javier Culson» frå , den 2. august 2021.
World Athletics
Kategori:Puertoricanske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Puerto Rico Kategori:Puertoricanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Puertoricanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Puertoricanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016