Joos de Momper den yngre () var ein flamsk landskapsmålar.

De Momper var fødd i Antwerpen. Han var son og elev av målaren og kunsthandlaren Bartolomeus Momper, og han blei alt i 1581 med i målarlauget i Antwerpen. Deretter hadde han truleg studiereiser i Italia, Tyrol og Sveits – det verker usannsynleg at dei fleste alpelandskapa hans berre vera fantasibilde. Det finst eit stort tal måleri som er tillagde Momper, men sidan dei nesten aldri er signerte, er det særs vanskeleg å avgjera kva for nokre som er hans eigne verk og kva for nokre som er laga av etterliknarar. Karakteristisk for alle er ein brun forgrunn i eine halvdel av bilde og ein grøn i den andre i tillegg til ein blåtona dal i bakgrunnen.

I Sverige er han mellom anna representert i Nationalmuseum gjennom eit Alpelandskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Joos de Momper» frå , den 7. august 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Antwerpen Kategori:Målarar frå 1600-talet Kategori:Målarar frå 1500-talet