Albertsjøen eller Mwitanzige, også kjend som Albert Nyanza, er ein av dei store sjøane i Afrika. Sjøen ligg 615 moh. og har eit areal på 5 527 km². Han dannar grensa mellom Uganda og Den demokratiske republikken Kongo.

Sjøen er den sjuande største i Afrika og den nest største i Uganda.https://www.ugandaletsgotravel.com/uganda-safaris/nature-and-conservation/lakes-rivers-waterfalls/lake-albert/

Dei to største elvene som renn inn i sjøen er Den kvite Nilen og Semliki (Semuliki).

Skildring Til skilnad frå dei svært djupe sjøene Malawi, Tanganyika og Kivu er vasstemperaturen i heile Albertsjøen relativt stabil, typisk rundt 27-29 °C, og inneheld oksygen til og med i djupare delar.

Ved sørenden av sjøen, der Semliki renn inn, er det myrområde. Rwenzorifjella ligg sør for sjøen og Monts Bleus (Blue Mountains) i Kongo i nordvest. Det finst få busetnadar ved sjøen, to av dei er Butiaba og Pakwach.

Albertsjøen huser mange vasslevande og delvis vasslevande dyr som flodhest, ugandisk kob-antilope, nilkrokodille, nilvaran, afrikansk lêrskjelpadde, Pelomedusidae-skjelpaddenen Pelusios chapini og Pelusios williamsi og ulike slangar og froskar. Det finst fleire vassfuglar her som pelikanar, hegrar og den sjeldne treskonebben. Det finst 55 fiskeslag i sjøen.

Historie Albertsjøen var kjend som Mwitanzige ('grashoppedreparen') av nyoro- og torofolk og av andre opphavlege innbyggjarar. Dette kom av ei gammal tru på at grashopper (lokalt kjende som enzige) omkom i sjøen når dei prøvde å kryssa han. I 1864 kom dei europeiske oppdagarane Samuel Baker og Flóra von Sass til sjøen, og dei kalla han opp etter den nyleg avdøde prins Albert, mannen til dronning Victoria. På 1900-talet kalla presidenten av Zaire (Kongo), Mobutu Sese Seko, sjøen opp etter seg sjølv for ei tid.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Albertsjøen» frå , den 12. august 2021. Denne artikkelen bygger på «Lake Albert (Africa)» frå , den 12. august 2021.

Kategori:Innsjøar i Uganda Kategori:Innsjøar i Den demokratiske republikken Kongo Kategori:Internasjonale innsjøar Kategori:Riftdalen Kategori:Oppkallingar etter Albert av Sachsen-Coburg-Gotha