«Teenage Wildlife» er ein song skriven av David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps). Med ei lengd på nesten sju minutt er han den lengste songen på albumet og den lengste Bowie hadde spelt inn sidan «Station to Station» (1976). Han var sidan forbigått av andre, lengre songar som «Bring Me the Disco King» frå 2003 og «Blackstar» i 2016.
Musikk og tekst
Den originale tittelen på songen var «It Happens Everyday». Produsenten Tony Visconti sa «I staden for å syngje 'Not another teenage wildlife' song han 'It happens everyda-a-ay.'»
Mot eit musikalsk arrangement som minna mykje om den klassiske songen hans «Heroes», inkludert teksturaktig gitarspeling av både Robert Fripp og Chuck Hammer, og vandrande fraser etter tekstparagrafane, verkar Bowie å rette målet mot post-punk-artistane, særskild Gary Numan, som var inspirerte av nettopp Bowie:
A broken-nosed mogul are you One of the new wave boys Same old thing in brand new drag Comes sweeping into view As ugly as a teenage millionaire Pretending it’s a whiz-kid world
I eit intervju i 1980 sa Bowie om Numan og hans «whiz-kid world» at «Det Numan gjorde gjorde han glimrande, men i repetisjon, det er det same om att og om att når du har høyrt det ein gong. Det er den falske ideen om eit høgteknologisk samfunn og alt det som ikkje eksisterer. Eg trur ikkje me er nokon stad nær eit slikt samfunn. Det er ei enorm myte som diverre er blitt foreviga, trur eg, ved å lese om kva eg har gjort i det rockeområdet i det siste, og i forbrukarområdet har fjernsynet frykteleg mykje å svare for med tanke på fabrikasjonen av denne dataverd-myta.» Songaren Boy George har sagt at favorittsongteksten hans var «As ugly as a teenage millionaire».Smash Hits flexi-disc, 1985 Boy George interview
Andre utgjevingar Songen kom ut på samleplata The Collection (2005).
Konsertversjonar Songen vart ofte spelt under Outside-turneen i 1995-1996 og to ulike konsertopptak finst på albuma Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020) og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).
Medverkande David Bowie: solovokal Tony Visconti: kor vokal Robert Fripp: gitar Carlos Alomar: gitar Chuck Hammer: gitarsynthesizer Roy Bittan: piano George Murray: bassgitar Dennis Davis: trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Teenage Wildlife» frå , den 31. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar om tenåringar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Dissesongar