Changestwobowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i november 1981 på RCA Records.Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, p 501. Titan Books (2016) Det er ein oppfølgjar til samleplata Changesonebowie frå 1976, og tittelen og plateomslaget følgjer same formatet som det albumet.

I tillegg til utvalde singlar frå tida etter 1976, kom albumet med fem songar frå tidlegare i karrieren til Bowie, som ikkje hadde vore på Changesonebowie, inkludert «Wild Is the Wind» frå Station to Station, som vart gjeven ut på singel for å marknadsføre albumet, i lag med ein nyfilma musikkvideo for songen.Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, s. 314–315, 501. Titan Books (2016) Albumet gjorde det ikkje like godt på salslistene som det første hadde gjort, og nådde 24. plassen*Roberts, David (editor). The Guinness Book of British Hit Albums, p71. Guinness Publishing Ltd. 7th edition (1996). på UK Album Chart og 68. plassen i USA.

RCA gav ut albumet på CD i 1984, men denne gjekk raskt trekt attende, i lag med andre album av Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Changestwobowie vart ikkje gjeve ut på ny då Rykodisc fekk rettane til å gje ut heile Bowie-katalogen på ny i 1990. Rykodisc sette i staden saman eit nytt samlealbum kalla Changesbowie, ei utvida utgåve av Changesonebowie.

Changestwobowie kom ut i si opphavlege form på Rhino, på vinyl, CD og på digitale format den 13. april 2018.

Innhald Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Salslister Album ÅrListePlassering1982UK Albums Chart241982Billboard Pop Albums681982Newzealandske album {RMNZ}281982Svenske album (Sverigetopplistan)352018Belgium Albums (Ultratop Flandern)1052018Belgium Albums (Ultratop Vallonia)168

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKGull12. januar 1982

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Changestwobowie» frå , den 31. august 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 1981 Kategori:RCA Records-album