Oskar Westerlin () er ein norsk internettpersonlegdom. Han er fødd og oppvaksen i Porsgrunn, og bur no i Oslo.
Bakgrunn og virke Westerlin starta med TikTok seint 2019. Han vart eit kjent andlet for unge under koronapandemien, og han har brukt blant anna «sinnahumoren» til å bli blant dei største i landet på sosiale plattformer. Han har vorte omtalt fleire gonger i media for innhaldet sitt.
Frå 2021 til 2022 medverka han i Spårtsklubben på strøymeplattforma VGTV, saman med Jon Martin Henriksen, Ida Fladen, Mads Hansen og Erik Follestad.
Han vann «Årets influenser underholdning» under Vixen Influencer Awards 2021.
TV I 2021 var Westerlin deltakar i ein ny sesong av gameshowet Fangene på fortet.
Westerlin var ein av utfordrarane i TV 2 sin musikalske talentkonkurranse Norges nye megahit. Låten til Westerlin «Harryhandel Halleluja» gjekk inn på Spotify si topp 50-liste og enda på 2. plass i episode 2 av programmet. Han enda på 3. plass i konkurransen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oskar Westerlin» frå , den 24. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff Oskar Westerlin på Instagram Oskar Westerlin på YouTube
Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Youtubarar frå Noreg Kategori:Norske internettkjendisar