Saving Private Ryan (norsk tittel: Redd menig Ryan) er ein amerikansk krigsfilm frå 1998, regissert av Steven Spielberg og skriven av Robert Rodat. Filmen er sett til invasjonen av Normandie under den andre verdskrigen og er kjend for den grafiske framstillinga av krigen, særleg skildringa av overfallet på Omaha-strendene under ilandstiginga i Normandie. Filmen følgjer gruppa U.S. Army Rangers, leidd av kaptein John H. Miller (Tom Hanks) og troppen hans (Tom Sizemore, Edward Burns, Barry Pepper, Giovanni Ribisi, Vin Diesel, Adam Goldberg og Jeremy Davies), under leitinga etter fallskjermsoldaten meinig James Francis Ryan (Matt Damon) som er den siste overlevande broren av fire, etter at dei tre andre brørne vart drepne i strid. Filmen var produsert under eit samarbeid mellom DreamWorks Pictures, Paramount Pictures, Amblin Entertainment og Mutual Film Company. DreamWorks distribuerte filmen i Nord-Amerika, medan Paramount gav ut filmen internasjonalt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Saving Private Ryan» frå , den 25. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dramafilmar frå USA Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Filmar frå 1998 Kategori:Filmar om den andre verdskrigen Kategori:Filmar regissert av Steven Spielberg Kategori:Krigsfilmar frå USA