mini|Zakuski
Zakuski (frå russisk fleirtal закуски ; eintal zakuska, закуска; polsk zakąski, zakąska; ukrainsk закуска, закуски ) er eit koldtbordmåltid frå russisk matkultur og andre slaviskspråklege land. Det kan vera sin eigne rett eller som følgje til vodkashot eller liknande.Encyclopaedia of Contemporary Russian Ordet betyr bokstaveleg 'nokoå bita etter'.Закуска. С.И. Ожегов, Н.Ю. Шведова. Толковый словарь русского языка. 1949-1992. Det stammar truleg frå ei blanding av slaviske, viking-nordiske og orientale kulturar i Kievriket og liknande, som Novgorod-republikken.
Tradisjonar
Tradisjonen med zakuski er knytt til svensk og finsk brännvinsbord, som også var opphavet til moderne smörgåsbord eller koldtbord, og til meze frå Det osmanske riket og andre kulturar frå Midtausten. Til forskjell frå skandinaviske koldtbord blir ikkje zakuski servert som buffet, men på spiesbordet. Zakuski kan både vera ein forrett og eit måltid i seg sjølv. Russiske adelege kunne ha zakuski klar i husa sine til langvegsfarande besøkande som ofte kunne dukka opp uventa. Ved festar og bankettar blei det ofte servert zakuski i eit eige rom ved sida av spisesalen, eller på eit eige bord i spisesalen. Tradisjonen spreidde seg etterkvart til andre lag av samfunnet og heldt fram i sovjettida. Då blei det vanleg å servera måltidet på spisebordet ettersom ein ikkje hadde andre stader å servera det på. Zakuski blei dermed fyrsteretten i ein festmiddag.
I dag kan ein servera zakuski ved bankettar, middagsselskap, festar og liknande i land som tidlegare var del av Tsar-Russland.
Typiske zakuskirettar kan vera kaldt, preservert kjøt og fisk, salatretter, kholodets, pirogar eller pirozjki, ulike sylta grønsaker som tomat, raudbete, agurk, sauerkraut, sopp, deviled egg, ost, kaviar, kanapéar, smørbrød og anna brød.JOC All New Rev. - 1997 - Irma S. Rombauer, Marion Rombauer Becker
Galleri
Sjå òg Antipasto Cicchetti Meze Tapas Zacuscă
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zakuski» frå , den 29. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff Entertaining from Ancient Rome to the Super Bowl: An Encyclopedia. pp. 437–438.
Kategori:Russisk mat Kategori:Russiske ord og uttrykk Kategori:Belarusisk kultur Kategori:Polsk kultur Kategori:Ukrainsk kultur Kategori:Sovjetisk kultur Kategori:Julemat