RS 45 «Christian Børs II» er ei 61 fots redningsskøyte. Ho vart teikna av Bjarne Aas og bygd i 1937 av Gravdals Skipsbyggeri og Trelastforretning i Sunde i Kvinnherad.Ny redningsskøite bevilget av Idun Arbeiderbladet (Nasjonalbiblioteket) Byggenummer 290. Skøyta fekk både segl og motor. Stokken til stormasta vart henta frå ei stor eik som stod på eigedommen til Valen sinnssykeasyl.Hvor Tømmermannskunsten enda holdes i Akt og Ære Nordisk Tidende, 2. desember 1937 (Nasjonalbiblioteket)

Dette var den andre redningsskøyta som var oppkalla etter konsul Christian Børs. Den første, RS «Christian Børs», vart i 1936 seld til to argentinarar.Med Redningsskøyte Bergen-Buenos Aires Nordisk Tidende, 10. september 1936

Bjarne Aas tok utgangspunkt i Colin Archer-skøytene, men såg at med motor vart akterskipet for veikt. Han gav difor skøyta kryssarhekk. Dette gav betre styring, og hindra at båten grov seg ned under tauing. Båten var i Redningsselskapet si tjeneste til han vart seld i 1970. I dei 33 år han var i aktiv teneste vart 6 fartøy og 27 liv redda. 1140 fartøy fekk assistanse.

«Christian Børs II» vart først stasjonert på Solsvik på Sotra. Seinar på andre stader langs vestlandskysten Ho hadde fire manns besetning.Redningsskøytene var nyhetssentraler under krigen Arbeiderbladet 11. juli 1947 (Nasjonalbiblioteket) Under andre verdenskrigen vart skøyta brukt i illegalt arbeid. I 1945 vart ho disponert av Krigsskadetrygden.

Opprinneleg var skøyta utstyrt med en Union 100/140 HK motor. Ho kunne da gje 9-10 knop under motor. Med seglkraft i tillegg kunne ho kome opp i 15 knop. Motoren vart i 1955 bytt til ein 220 HK motor frå General Motors.

Då skøyta vart seld fekk ho namnet «Ulefoss», av kjøparen Nils Aal. I 1986 fekk hp tilbake det opphavleget namnet. Ho er no i privat eige, heimehøyrande på Sotra. «Christian Børs II» står på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy.Oversikt over "vernede fartøy" Riksantikvaren

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «RS «Christian Børs II»» frå , den 4. november 2021.

Bakgrunnsstoff

RS 45 Christian Børs II Redningsselskapet

Kategori:Norske redningsskøyter Kategori:Verneverdige fartøy Kategori:Skip bygde i Noreg Kategori:Skip frå 1937