Victoria av Baden, eigentleg Sophia Maria Victoria, () var dronning av Sverige frå 1907 til ho døydde i 1930, gift med Gustav V av Sverige. Ho var svensk kronprinsesse frå 1881 til 1907 og norsk kronprinsesse frå 1881 til unionsoppløysinga i 1905.

Victoria vart fødd som prinsesse av Baden, som dotter av storhertug Fredrik I av Baden og prinsesse Louise av Preussen. Då Victoria gifta seg med den svenske tronarvingen Gustav, seinare kjend som Gustav V, vart ho kronprinsesse av Sverige og Noreg og hertuginne av Värmland. Victoria var oldebarn av den svenske kongen Gustav IV Adolf, og etterkomar av Gustav Vasa, noko som bidrog til å gjera henne populær i Sverige. Svigerfaren hennar Oscar II ville dessutan knyta sterkare band mellom Tyskland og Sverige, så ekteskapet var òg ein politisk allianse. Oppvekst Victoria var einaste dotter av storhertug Fredrik I av Baden og kona hans Louise av Preussen, og såleis òg barnebarn av den tyske keisaren Vilhelm I. Ho voks opp på slottet i Karlsruhe med brørne sine Fredrik og Ludvig. Om sommarane flytta familien ut til sommarslottet i Mainau. Dei besøkte jamleg slottet til den tyske keisaren i Babelsberg utanfor Berlin. Iblant gjorde dei òg reiser til St. Moritz i Sveits, til vestkysten av Frankrike og til badestader i England. Det har vorte sagt at Louise var svært streng mot barna sine, og lét dei sova på harde senger i kalde rom for at dei skulle herdast, noko som kan ha bidrege til den dårlege helsa Victoria leid av seinare i livet.Fjellman (1980), s. 16

Skulegangen hennar byrja i 1871, med guvernanter og privatlærarar på slottet, i lag med 15 adelege jenter. Victoria lærte både tysk, fransk og engelsk. Ho kunne teikna og måla, og var ein dugeleg fotograf. Ho var òg dugeleg på piano og kunne spela stykke av Chopin, Beethoven og favorittkomponisten sin Wagner. Victoria lærte seg òg mange balladar av Schiller, og dikt av Uhland, på rams.Minnesalbum (1930), s. 16-18

Som 16-åring vart Victoria konfirmert på adventssøndagen 1878 av primasen i Baden, prelat Doll. Etter dette sørgde storhertuginne Louise for at det vart gitt kurs på slottet i måling, musikk, språk og historie. Av den austerrikske dirigenten Felix Mottl lærte Victoria å verdsetja Wagner, og når komponisten Franz Liszt besøkte slottet, fekk Victoria bla notearka for han når han spelte stykke av Schubert.Jansson (1963), s. 35-39

Før ho traff kronprins Gustav var ho forelska i den russiske storfyrsten Nikolaj, søskenbarn av tsar Nikolaj II. Tsaren sa nei til eit giftarmål mellom dei to, fordi ho og Nikolaj var søskenbarn. Mor hennar ville at ho skulle gifta seg med den tyske kronprinsen Vilhelm, men den tyske rikskanslaren Bismarck sa nei til det sidan også dette ville innebera ekteskap mellom søskenbarn.Jansson (1963), s. 40-41

Spørsmålet om ein passande ektefelle for kronprins Gustav hadde på den anna side sysselsett foreldra hans sidan slutten av 1870-talet. Kong Oscar såg på det som ein fordel å knyta nærare band til Tyskland, og ei tysk prinsesse ville då ha vore å føretrekka. I den svenske pressen vart det spekulert i eit giftarmål med prinsesse Viktoria av Hessen-Darmstadt. Dronning Sofia ville at ein òg skulle vurdera nokon frå det britiske kongehuset, og kronprins Gustav møtte dronning Victoria si yngste dotter Beatrice av Storbritannia utan at det vekte noka interesse.Jansson (1963), s. 42-44

Hausten 1879 vart Gustav send som observatør til ei tysk militærøving utanfor Strasbourg. Gustav hadde vorte kjent med bror til Victoria under eit tidlegare opphald i London, og kunne i samband med øvinga møta Victoria og foreldra hennar. Etter at øvinga var over, vitja kronprinsen Baden-Baden som gjesten til storhertugfamilien. Det er mogleg at Gustav traff Victoria på ein meir flyktig måte ved dette høvet, men det ser ikkje ut til at det kunne ha vore noko meir ved det tilfellet.Fjellman (1980), s. 27-28

Giftarmål og familie mini|Nygifte. Victoria av Baden gifta seg med kronprins Gustav 20. september 1881. Gustav var til stades då prins Vilhelm og Auguste Victoria av Schleswig-Holstein gifta seg 27. februar 1881. Kronprins Gustav traff Victoria under eit besøk hos keisarinne Augusta. I Gustavs brev til mor si kan ein følgja forelskinga: «Alla människor hava märkt mer eller mindre att vi tycker om varandra, men det gör mig ingenting alls. Ty jag är alldeles bestämd i mitt val och känner mig överlycklig.» Storhertug Fredrik bad Gustav verta nokre dagar ekstra. Allereie ei veke etter at dei møttest hos keisarinne Augusta, bad kronprinsen om handa hennar. Den 12. mars 1881 vart trulovinga inngått.

Kronprins Gustav var nøydd til å venda tilbake til Stockholm, fordi kong Oscar hadde vorte ramma av lungebetennelse. Då han hadde kome seg, kunne Gustav venda tilbake til Karlsruhe, der han feira påske saman med dei komande svigerforeldra sine. I mai reiste kong Oscar til Bad Ems, der Victoria fekk høve til å treffa han. Saman med dronning Sofia reiste han til slottet Brühl mellom Köln og Bonn for å treffa keisarinne Augusta og planleggja praktiske ting kring bryllaupet.

Resten av sommaren oppheldt Victoria seg i Baden, og med foreldra sine i St. Moritz. Victoria lærte seg svensk. Til fødselsdagen hennar i august kom kronprins Gustav på besøk. For å læra ho om dei politiske tilhøva i Sverige, vart professor skytteanus Oscar Alin engasjert. Kong Oscar II gav ho seinare personleg eit kurs i historia til den svenske konstitusjonen.

Victoria av Baden og kronprins Gustav gifta seg den 20. september 1881, i slottskapellet i Karlsruhe. Victoria vart ført til alteret av svigerfaren, kong Oscar II, og av morfaren sin keisar Vilhelm. Victoria var kledd i ein brudekjole dekorert med myrt, Gustav var iført uniform til livregementets dragoner. Ved ringveksling vart det skote salutt, tre gongar 12 kanonskot.

Etter ein tre dagar lang bryllaupsfest reiste dei nygifte til Sverige. I Stockholm heldt feiringa fram i eit par veker til, i høve av at Sverige hadde fått ein kronprinsesse. Under den store gallamiddagen 1. oktober 1881 heldt kong Oscar ein tale, der han blant anna sa: «Hennes vagga stod i fjärran land, men hon kommer icke som en främling, ty svenska äro Victorias anor. Måtte dessa murar under en lång och säll framtid hägnande omsluta det hem, till vilket hon genom kärlekens makt nu blivit återbördad».Jansson (1963), s. 60 Dagen etter vart det halde ei høgtidsgudsteneste i Slottskyrkan, og den 3. oktoberen vart det halde eit ball på slottet med 2 000 gjester. Den 4. oktober vart feiringa avslutta med ei gallatilstelling i Stockholmsoperaen.

Paret busette seg så i Stockholms slott. Etter festen reiste paret tilbake til Tyskland for å treffa Victoria sine foreldre og andre slektningar. Paret besøkte òg dronning Louise, som var kusina til Gustav. I februar og mars 1882 besøkte kronprinsparet Kristiania, som var namnet på den norske hovudstaden på den tida. Kronprinsparet var òg kronprinspar i Noreg, sidan Noreg og Sverige var i union. mini|Victoria og Gustav i Baden-Baden 1890. Victoria deltok òg ivrig i sosietetslivet i Stockholm. Ho arrangerte ball, basarar og tilstellingar for kunst. Ho vart kjend for engasjementet sitt innan velgjerd, og det var òg ofte grunnen til samankomstane og festlighetene ho heldt. Ho hadde likevel problem med å omstilla seg til tradisjonane ved det svenske hoffet, og prøvde utan hell å innføra tyske seremoniar og monarkiske system som var betydeleg meir formelle.

Victoria kunne òg visa til andre sider, spesielt når det kom til spørsmål om kunstneriske utføringar. I 1887 sette ho og ektemannen opp skodespelet Legenda om den heilage Elisabeth på Musikalske Akademien, og opptredde sjølv i hovudrollene framfor eit utvald selskap. Inntektene gjekk til velgjerande føremål. Så lenge ho hadde helse til det, levde Victoria eit aktivt friluftsliv, og ho pleidde å ri saman med ektemannen.

Sommaren 1882 vart det klårt at dronning Victoria var gravid, og i oktober 1882 fødde ho sonen Gustav Adolf. Kong Oscar hadde lagt ned forbod mot at prinsen skulle gjevast tyske namn, og ville ikkje at sonesonen hans skulle kallast for Fritz eller Wilhelm, men Victoria gav likevel den nyfødde Fredrik Vilhelm som mellomnamn.von Platen (2002), s. 106. I ett brev til kronprinsen skrev Oscar II: ’’«Jag behöver ej säga att jag räknar med min käre Sons ståndaktighet i detta fall, ty med sorg skulle jag se att min äldste sonson kallas Wilhelm eller Fritz.»’’ Etter fødselen var Victoria sjuk, ho hadde luftvegsplager. I 1884 vart Wilhelm fødd, og i 1889 sonen Erik. Erik var mykje sjuk. Han lei av epilepsi, og var noko tilbakeståande. Fødselen var vanskeleg, og han vart i ettertid ramma av lungeinfeksjonen til Victoria, som ho eigenleg aldri vart frisk frå.

På somrane flytta kronprinsparet med barna sine ut til Tullgarns slott. Slottet vart likevel sett på for å vera for fuktig for helsa til Victoria, så foreldre hennar førebudde seg på bygginga av ei nye sommarvilla på ein tørrare stad. Riksantikvar Hans Hildebrand rådde dei til å velja Öland, så sommaren 1902 reiste kronprinsparet langs vestkysten av Öland med kong Oscar sin lystyacht «Drott». I Räpplinge sokn fann Victoria sjølv eit passande stad i ein lauvskog nær Borgholms slottsruinar. Oppdraget med å teikna huset vart gjeven til Torben Grut, ein arkitekt som på den tida var nærast ukjent. Grut hadde først teikna ein villa i nordisk stil, men Victoria ville ha eit sommerhus i italiensk stil, og det vart gjort endringar for å gjennomføra dette. Det ser ut til at arkitekt Grut hadde ein avgrensa innverknad på utsjånaden til villaen, alle viktige beslutninger vart fatta av Victoria sjølv og legen hennar, Axel Munthe. Forbiletet hennar var Munthe sin sommarvilla på Capri, San Michele. Plassen framfor Solliden vart fylt med antikke statuar, kopiar av Munthe sin skulpturloggia i San Michele.Jangfeldt (2003), s. 368-370 I september 1903 kunne Victoria sjølv leggja ned grunnsteinen, og i 1906 var Solliden klårt for innflytting.

Då kong Oscar II døydde den 8. desember 1907 og Gustav etterfølgde han som konge, vart dronning Victoria dronning av Sverige. Året som følgde, var fylt med mottakingar, statsbesøk og andre offisielle plikter. Blant anna vitja kong Edvard VII av Storbritannia, dronning Alexandra og dottera deira prinsesse Victoria av England, Sverige 27. april 1908. 18. februar same året deltok dronninga ved innviinga av Kungliga Dramatiska Teatern, som heldt urframføringa av August Strindberg sitt skodespel Mäster Olof. Sjølv reiste Victoria blant anna til London, Paris, Berlin og Wien. Sommaren 1908 utnemnde keisar Vilhelm ho til heidersoberst i Das Stettiner Füsilier-Regiment No. 34.

Under dei næraste åra vart det mange slike offisielle besøk. I 1913 tok kongeparet imot statsbesøk av kong Viktor Emmanuel III av Italia og dronning Elena. Så lenge ho klarte, deltok Victoria òg i uformelle samtalar med representantar for svenske politiske parti, og ho hadde spesielt tett kontakt med Arvid Lindman, som ho òg brevveksla med.Lindman (1972), s.43