Karen Bit Vejle () er ein dansk-norsk kunstnar. Ho brukar berre mellomnamnet «Bit» som signatur på verka og produkta sine. Vejle vart fødd i Ejby i Danmark. Ho var busett i Trondheim frå 1984 fram til 2014. Då flytta ho attende til Danmark.
Vejle skapar hovudsakleg bilete av papir ved å klippa mønster og motiv. Dette vert kalla psaligrafi. Eit psaligrafisk verk er forma av eit stort samanhengande stykke papir og er klipt utelukkande med saks.
Vejle har oppdrag og utstillingar i Norden, Europa, USA og Asia. London-galleriet Adrian Sassoon er hovudforhandlar av verka hennar. Rundt 2010 starta ho eit kunstnarisk samarbeid, «Paper dialogues», saman med den kinesiske papirkunstnaren Xiaoguang Qiao. Samarbeidet resulterte i ei utstilling som har vore utstilt i fleire land. Med utgangspunkt i papirklippa mønster har ho òg designa andre produkt, som pledd, dukar og diverse servise.
Bakgrunn Danskane har tradisjon for å klippa dekorasjonar av papir til jul og senda vers og helsingar på mønsterklippa papir, såkalla gækkebrev, til påske. Karen Bit Vejle har klipt i papir sidan ho var lita, men då først og fremst i samband med desse høgtidene.
Då Vejle var 16 år gammal, fekk ho sjå ein mann som klipte silhuettar i papir. Ho vart så inspirert at ho straks gjekk heim og byrja å klippa sjølv.Guttormsen (2008), s. 7 Sidan klipte ho nesten dagleg, først for å oppøve teknikken til ho meistra dei symmetriske klippa som kjem ved at ein brettar og klipper. Deretter vidareutvikla ho sine klipp med asymmetriske motiv, i tillegg til dei symmetriske ornamenta og mønstra.
I mange år var papirklippinga ei fritidssysselsetjing (hobby). Først då ho byrja å studere nordiske språk og massekommunikasjon ved Aalborg Universitet, og seinare då ho arbeidde ved Ringve Museum og deretter som prosjektleiar og journalist i NRK.
I 2006 fekk ho diagnosen kronisk utmattingsyndrom (ME).Opstad (2015), s. 32 Ho måtte slutta i stillinga si i NRK, men kunne etter ei tid ta igjen opp sitt psaligrafiske arbeid, sidan dette arbeidet kan utførast i hennar eige tempo, med innlagt naudsynt kvile.
Karriere mini|Verken til bit Sjostakovitsj' 1. pianotrio opus 8, 5x1,05 m. Bestillingsverk til Vinterfestspela i Bergstaden, 2008. Bit vidareførar ein tradisjon. Teknikken ho brukar var på 1700-talet viktig i silhuett-portrettframstilling, og ein kunst som blant anna H.C. Andersen var utøvar av. Som i hans tilfelle finst det alltid ei historie i Bit sine psaligrafiske verk.Odense bys museer om H.C. Andersen, papirklipp og fortellinger (besøkt 2. juni 2015)om historiefortelleren Bit, fra papercutart.no (besøkt 2. juni 2015) I 2009 var ho invitert til å halde ei utstilling i museet H.C. Andersens Hus i Odense.
Dei tidlegaste arbeida og prosjekta hennar var prega av eit ynskje om å utforska matematikken til ornamentikken. Dei seinare arbeida hennar er i høgare grad motivert ut frå eit kontemplativt perspektiv. Guttormsen (2008)
I 2007 vart ho nominert til fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag.
I 2008 hadde Vejle si første separatutstilling i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Der viste ho 69 klipp, skapt over 25 år. Klippa vakte oppsikt. Over 7000 menneske såg utstillinga hennar.Næsheim, E. (2009) «Klippene som vekker oppsikt». Stavanger Aftenblad, 31. januar 2009, s. 35
I åra etter debututstillinga har Vejle arbeidd innanfor to ulike kunstnariske felt. Det kunstnariske mediumet hennar er enno 20-grams papir, og verktøyet hennar er saks. Hovudvekta er, som tidlegare, på psaligrafiske verk (unika); men ho utviklar òg motiv og mønster for kommersielle produkt, der den karakteristiske klippen hennar er overført til andre materiale. Uansett sluttprodukt skapar og klipper ho alltid originalmotivet sjølv.
I 2013 var ho årets olsokkunstnar under Olsokdagane på Stiklestad.Christiansen, Per «Klipp fra liv og myter». Adresseavisen, 20. juli 2013, del to, s. 8 Her stilte Vejle for første gong ut verket St. Olav, saman med rundt 40 andre originale papirklipp. Verket av St. Olav er 72 cm breitt og 115 cm høgt, og viser Olav den heilage både som vikingkonge og helgen.Opstad (2015), s. 61
I 2015 utforma ho kunstverket som vert gjeve til mottakarar av Trondheim kommune sin mangfaldpris. Prisen består av ti psaligrafiske blad som er kopiar av originalklippa til Bit. Blada er unike, kvar for seg, med ulikt fargeval på detaljar. Alle blada er signerte og nummererte.
Seinare har Vejle hatt fleire større oppdrag, prosjekt og utstillingar. Nokre av dei er skildra nedanfor. Ho er òg kome inn i kunsthandlar Adrian Sassoons internasjonale stall av kunstnarar og har stilla ut i Gallery Adrian Sassoon.Adrian Sassoons offisielle nettsted (besøkt 7. juni 2015)
TINDEFILM har laga ein dokumentarfilm om Vejle. I 2015 vart BIT – Ballerina Bulldog nominert til årets beste dokumentarfilm ved BIFF.Bergen Festivalens opplisting av de nominerte
Psaligrafiske verk Då Britannia Hotel i Trondheim feira 120-årsjubileum i 2007, hadde dei bestilt eit verk av Vejle. Ho laga eit 185 cm x 150 cm papirklipp som visar historia til hotellet. I 2008 var ho festspelkunstnar ved Vinterfestspela i Bergstaden. Det fem meter lange og ein meter høge Sjostakovitsj' 1. pianotrio opus 8 vart laga til dette høvet.
Vejle har utført store utsmykkingsoppdrag Trondheim kommune, Hilton Copenhagen Airport Hotel og for motehuset Hermès.Opstad (2015), s. 123 Ho har også laga fleire større utstillingar for andre større kundar.
Hausten 2015 leverte Vejle ei klipt altertavle til den nye kyrkja ved Sverresborg kyrkjesenter i Trondheim. Tavla er 200 cm brei og 300 cm høg. Ho er montert mellom glasplater og vert lyssett slik at altertavla kan brukast i ulike samanhengar.NRKs omtale av prosjektet, også med et kort, filmet intervju med Bit om arbeidet (besøkt 6. juni 2015)]Artikkel om prosessen og symbolikken
Ballerina Bulldog mini|Ballerina Bulldog utstilt på Jamtli i Östersund, mai 2015 Ein viktig figur i Vejles kunst er «Ballerina Bulldog», ein tilsynelatande sart, men sterk ballerina. Målsetninga med Ballerina Bulldog-konseptet er å framkalla refleksjon over vår eigen indre styrke og auka medvitet om ansvaret vi har for eigne livsvalg.video med Karen Bit Vejle som forteller om Ballerina Bulldog under utstillingen på Kalmar slott i 2012 (sett 2. juni 2015) Konseptet er basert på Søren Kierkegaard sin filosofi:Opstad (2015), s. 55
Ballerina Bulldog fanst opphavleg i 25 papirklipp, laga i 2011. Ho vert framstilt med ulike attributt, av kunstnaren kalla «power tools». Desse reiskapane skal symbolisera hennar indre styrke, og visa korleis ho tek grep og kontroll over eige liv når ho brukar dei for å slost for rettferd, vennleik og glede. Nokre døme på power tools er «låsen» – for å minna ho på at samhald og lojalitet gjev styrke; «sommarfuglen» – for å minna ho på at ho alltid kan forandra seg, og «humla» – det umoglege er alltid mogleg, berre du vil det nok.Alle power tools er beskrevet på Facebook-siden Ballerina Bulldog
Konseptet er utvikla i seinare tid. Ballerina Bulldog vert ofte framstilt på utstillingsopningar av ein levande ballerina som opptrer med ein bulldog ved si side, og det er laga ein animasjonsfilm om ho.«Ballerina Bulldog»s Facebook-side (besøkt 7. juni 2015)
Utstillingar (utval)
Debututstillinga, Med saksen som pensel, er sidan 2008 vist i fleire museum og galleri i Norden og USA, der ho har hatt tittelen Scissors for a brush. Nokre av utstillingsstadane er lista nedanfor. Utstillingane er ikkje identiske. Talet på verk er sameleis, men kunstnaren gjer utskiftingar med nye klipp undervegs, slik at det alltid er forskjell.Andersen, Ole-Einar (2010) «Papirklipp går Norden rundt». I: Adresseavisen, del 3, 25. september 2010
2008 Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim. 2009 Hå gamle prestegard, Hå. 2009 Blaafarveværket, Modum.Intervju med Bit i Drammens tidende, i forbindelse med utstillingen på Blaafarveværket 2009 KUNSTEN, Ålborg.Museets omtale av utstillingen 2010 H.C. Andersens Hus, Odense. huset til 2010 Norden, Reykjavik. 2010 Verkaranta, Tammerfors. 2011 Maihaugen, Lillehammer. Hennar store vandreutstilling hengde mesteparten av året i Maihaugens store sal. 80 000 menneske vitja utstillinga.Gran, Annemona (2012) «Karen Bit Vejle». Adresseavisen, 14. januar 2012, s. 7 2012 Kalmar slott, Kalmar.Slottets presentasjon av utstillingen 2013 Nordic Heritage Museum, Seattle, USA 2014 Turnblad Mansion, Minneapolis, USA 2015 Bryggens Museum og Alvøen hovudgard, Bymuseet i Bergen 2016 Hadeland Glasverk 2016 Malmø Slott, Sverige 2016 Hallands kulturhistoriska museum, Sverige. 2016 Juensuu Art Museum, Finland
Vejle har delteke på fleire gruppeutstillingar, blant anna utstillinga Slow art ved Nationalmuseum i Stockholm (som gjekk frå mai 2012–februar 2013).
Paper dialogues Rundt 2010 starta «Paper dialogues», eit kunstnerisk samarbeid, ein dialog, mellom den kinesiske papirkunstnaren Xiaoguang Qiao og Karen Bit Vejle.Sande, Bård (30. september 2014) «Klipper for Kina-dialog». I: Adresseavisen, s. 23] Kunstnarane har svært ulike uttrykksformer, men arbeidde fram mot ei felles utstilling, der begge visar sine unike papirklipp i store format. Eit hovudtema i verka dei skapte, var draken i både kinesisk og norsk kultur og ornamentikk. Utstillinga vart først vist i Beijing hausten 2014, deretter i Shanghai same haust. Våren 2015 kom den til Noreg, først til Vigelandsmuseet i Oslo, deretter til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.Lohne, Jørgen (14. oktober 2014) «Gir dragehjelp i kinesisk motbakke». I: Adresseavisen
Sjablongmåleri mini|Eit av sjablongmåleria til Bit, brukt på plakaten til utstillinga ved Bergen bymuseum i 2015 Vejle klipper alltid i dobbelt lag papir. Dette gjer at ho får to heilt identiske klipp. Det eine vert halde på i sin ensfarga originalversjon, medan det andre kan nyttast som sjablong for ein annan type kunstverk, sjablongmåleri, der det som er det psaligrafiske mellomrommet til verket framstår med farge i det sprøytemåla måleriet, medan motiva til papirklippa framstår kvite. Sjablongmåleriet liknar dermed papirklippet, men utan lys- og skuggeverknadane ein får frå orginalen.
Sjablongmåleria vart for fyrste gong utstilt i Alvøen hovudbygning ved Bymuseet i Bergen i 2015.Bymuseets informasjon om sjablongmaleriutstillingen (besøkt 6. juni 2015)
Center for papirkunst Våren 2018 opna Vejle, saman med dottera Zeleste Kolstad Vejle «Center for papirkunst» i Hune ved Blokhus i Danmark. Dei psaligrafiske verka til Vejle vil utgjera ein kjernedel av den faste utstillinga. I tillegg vil det vera temporære utstillingar av dansk og internasjonal papirkunst.
Produktdesign Vejle har laga ein eigen serie med masseproduserte papirklipp-dekorasjonar og kort. Dei vert framstilte ved hjelp av laserteknologi med utgangspunkt i originalklippa hennar, og vert produserte og forhandla av firmaet Bit Papercut AS.Andersen, Ole-Einar (2010) «Bits gode hjelpere». Adresseavisen, 30. oktober 2010, s. 8
Ho har designa pledd og dukar for Røros Tweed, dåpspledd for Nidarosdomen og servise for Porsgrunds Porselænsfabrik.Dåpspleddene produseres også av Røros Tweed
Då Åge Aleksandersen markerte sin 60-årsdag med plateutgjeving i 2009, gav han Karen Bit Vejle i oppdrag å designa framsida på dei to CD-boksane. Det store originalklippet er med på Vejle si vandreutstilling. Alexandersen brukte det hjerteforma «våpenskjoldet» i fleire samanhengar, blant anna som scenedekor under konsertar.Opstad (2015), s. 85
I 2011 var Karen Bit Vejle årets designar ved Maihaugen.
Ho har designa smykke, dekorasjonar og andre produkt for det danske firmaet Georg Jensen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karen Bit Vejle» frå , den 11. november 2021.
Litteratur Andersen, Ole-Einar (2008) «Eventyrlig klippedebut». Adresseavisen, 3. mai 2012, s. 1 Boelskifte, Else (2012) «Magi med broderisaksen». Jyllandsposten, 12. august 2012, s. 8–9 Guttormsen, Sissel (red.)(2008) Med saksen som pensel, psaligrafi. Trondheim, K.B. Vejle