Jean Harlow (fødd Harlean Harlow Carpenter, ) var ein amerikansk skodespelar.

Harlow fekk gjennombrotet sitt i Howard Hughes-filmen Luftens dæmoner i 1930, og vart kjend som «Platinum Blonde» på grunn av det plantinablonde håret sitt. Ho hadde stor suksess i filmar som Rødt hår, Fristelser, Middag kl. 8, Bombshell og Det gule havet, før ho farga håret brunt og tona ned det sexy imaget sitt i filmar som Hustru kontra sekretær og I fyr og flamme.

Harlow døydde av nyresvikt 26 år gammal.

Barndom mini|Harlow og mora i 1934. Harlean Carpenter vart fødd 3. mars 1911 i Kansas City i Missouri, som det einaste barnet til tannlegen Mont Clair Carpenter og Jean Poe Carpenter (jentenamn Harlow). Faren hadde arbeidarklassebakgrunn, medan mora var dotter av ein velståande eigedomsmeklar. Mor til Harlow, som etter fødselen føretrekte å kallast «Mor Jean», ynskte å oppkalla dottera etter seg sjølv, men far hennar, Skip Harlow, forbaud det.Stenn, s. 10 Ho foreslo då namnet Shirley Jean, men heller ikkje dette namnet vart akseptert. Valet fall då på Harlean, ein samansmelting av Jean Harlow. Mor til Harlow kalla henne likevel berre «Babyen» og det var ikkje før ho byrja på skulen at Harlow fann ut at namnet hennar var Harlean.Stenn, s. 13

Familien Carpenter budde i eit luksuriøst 25-romshus, som var ei gåve frå Skip Harlow, med fleire tenarar, ei barnejente og sjåfør.Stenn, s. 11 Harlow mangla aldri nokre materielle gode i oppveksten. Ho hadde likevel få vener, og utvikla eit nært tilhøve til den overbeskyttande mora si.Stenn, s. 13 Mor til Harlow var misnøgd med ekteskapet og fekk skilsmisse frå ektemannen 29. september 1922. Ho fekk foreldreansvaret for dottera, og Harlow fekk sjeldan møta faren etter dette.Stenn, s. 14 Mora til Harlow ynskte å slå gjennom som skodespelar og flytta saman med dottera til Hollywood i 1923. To år seinare hadde ho enno ikkje fått fare på karrieren, og vart av økonomiske årsaker tvinga til å flytta tilbake til Kansas City.Stenn, s. 17

Skip Harlow sende barnebarnet til ein katolsk internatskole i voner om å skapa litt avstand mellom mor og dotter. Harlow slutta etter eit semester og byrja i staden på ein skule der ho hadde høve til å reisa heim kvar dag.Stenn, s. 18 I sommarferien sende Skip Harlow barnebarnet på sommarleiren Cha-Ton-Ka i Michigamme. Harlow fekk skarlagensfeber og måtte haldast skild frå dei andre ungdomane. Då mor hennar fekk vita dette reiste ho straks til leiren, og vart der i tre veker for å pleia dottera, til trass for protestar frå leirleiinga.Stenn, s. 19 Då Harlow og mora var på veg heim igjen kom dei i kontakt med den gifte italienskfødde Marino Bello.Stenn, s. 20 Mor til Harlow innleidde eit tilhøve til Bello, og sende Harlow på skule i Illinois, i nærleiken av Chicago der Bello budde.Stenn, s. 21

Hausten 1926 møtte Harlow Charles «Chuck» McGrew som ho innleidde eit tilhøve til.Stenn, s. 23 Bello skilde frå seg kona si og gifta seg med mor til Harlow 18. januar 1927. Harlow slutta på skulen og flytta inn saman med dei.Stenn, s. 25 21. september 1927 gifta Harlow seg med McGrew. Ho var 16 år gammal og han var 20. To månader seinare fylte han 21 år og fekk tilgang på ein arv på 200 000 dollar etter foreldra sine.Stenn, s. 26 I byrjinga av 1928 flytta ekteparet frå Chicago til Beverly Hills.

1928–1930: Tidleg karriere og Luftens dæmoner Våren 1928 køyrde Harlow venninna Rosalie Roy til ein avtale hos Fox Film Corporation. Medan ho venta utanfor, vart ho oppdaga av tilsette i filmselskapet. Dei trudde at ho var der i håp om å bli skodespelar og gav henne søknadspapir. Då Roy fortalde om denne episoden i eit selskap nokre veker seinare vedda vennene til Harlow på at ho ikkje torde å prøva seg som skodespelar. Ho aksepterte veddemålet og leverte papira hos filmselskapet dagen etter.Stenn, s. 28 Namnet ho oppgav var Jean Harlow, jentenamnet til mora. Nokre dagar seinare fekk ho det første tilbodet sitt om ei statistrolle, men takka nei sidan ho ikkje hadde lyst å satsa på ein skodespelarkarriere. Det kom òg fleire tilbod som ho òg avviste. Då mora, som nyleg hadde flytta til Los Angeles, fekk vita om dette beordra ho dottera til å akseptera det neste tilbodet.Stenn, s. 29

Filmdebuten til Harlow var som statist i stumfilmen Honor Bound i 1928. Deretter følgde ei rekkje småroller i andre stumfilmar, inkludert Helan og Halvan-filmen Liberty. Hal Roach, som dreiv Hal Roach Studios, la merke til henne og tilbaud henne ein femårskontrakt med ei løn på 100 dollar i veka. Ho signerte kontrakten 26. desember 1928.Stenn, s. 30 Då Roach måtte ta ein pause frå filmproduksjon i januar 1929 for å byggja nye studio tilpassa lydfilm, tok mor til Harlows dottera med til Paramount Pictures der ho spelte ei statistrolle i filmen Close Harmony. Månaden etter vende Harlow tilbake til Hal Roach Studios og spelte i Helan og Halvan-filmane Double Whoopee og Bacon Grabbers. Den 2. mars 1929 vart ho løyst frå kontrakten med Roach etter å ha hevda at filmkarrieren øydela ekteskapet hennar. I røyndomen var det Skip Harlow som protesterte mot dei dristige rollene hennar. Harlow og mora overtalte han til slutt til å la ho halda fram skodespelarkarrieren, mot at ho ikkje fekk økonomisk støtte frå han. Harlow separerte seg frå Charles «Chuck» McGrew i juni same året og flytta saman med mora og stefaren sin. Mor til Harlow og Bello flytta deretter inn saman med henne, og ho måtte forsørgja begge.

Harlow hadde statistroller i filmar som Byens lys, med Charlie Chaplin i hovudrolla, og Prinsgemalen. Ho hadde òg ei lita rolle i To sjeler – en tanke, med Clara Bow og James Hall i hovudrollene.

I 1929 måtte Howard Hughes filma delar av krigsdramaet Luftens dæmoner på nytt, for å gjera om filmen frå stumfilm til lydfilm. James Hall og Ben Lyon spelte dei to pilotane Roy og Monte Rutledge i Royal Air Force, som begge vert tiltrekte av den forførande blondina Helen. Hughes trong ein ny kvinneleg hovuddrolleinnehavar, sidan aksenten til den norske stumfilmskodspelaren Greta Nissen ikkje gjorde henne truverdig i rolla som britisk aristokrat. Han vurderte ei rekkje blonde, håpefulle skodespelarar, men fann ingen han var nøgd med. Lyon og Hall føreslo til slutt Harlow. Hughes gav ho rolla etter å ha sett prøvespelinga hennar. 24. oktober 1929 skreiv Harlow ein treårskontrakt med Hughes sitt produksjonsselskap Caddo Company. Ho skulle få betalt 1500 dollar for åtte vekers arbeid med Luftens dæmoner, og deretter 250 i veka når ho jobba og 200 når ho var mellom filminnspelingar. Hughes hadde ikkje nokre andre skodespelarar under kontrakt, slik at all tid og middel kunne brukast til å promotera Harlow.

27. mai 1930 deltok Harlow på premieren på Luftens dæmoner på Grauman's Chinese Theatre. Filmen vart det store gjennombrotet hennar som skodespelar, men kritikarane lét seg ikkje imponera over talentet hennar. Variety vitsa om utsjånaden til Harlow: «Ho kjem sannsynlegvis alltid til å måtta spela denne typen roller, men ingen har nokosinne svelta når dei er i besittelse av det ho har.» Hughes sende Harlow for å promotere filmen i fleire amerikanske byar og auka løna hennar til 150 dollar i veka.

1931–1932: Platinum Blonde, Rødt hår og Fristelser mini|Harlow og Clark Gable i filmen The Secret Six (1931). I slutten av 1930 hadde ikkje Harlow spelt i ein film på eit år. Stefaren Marino Bello vart tilsett som manageren hennar. Den første oppgåva hans var å prøva å få Harlow løyst frå kontrakten med Caddo Company, noko Hughes nekta. Metro-Goldwyn-Mayer-produsenten Paul Bern, som var ein ven av Harlow, overtalte Hughes til å låna henne ut til gangsterfilmen The Secret Six, med Wallace Beery i hovudrolla. Der spelte ho mot Clark Gable, ein annan nykomar. Han uttalte seinare: «Ingen av oss visste noko særleg om filmindustrien. På slutten av kvar scene spurde ho meg, ‘Korleis går det med meg?’ Og eg spurde ho om det same.» Harlow vart deretter utlånt til Universal Pictures for å spela i dramafilmen Iron Man, med Lew Ayres. Ho spelte Rose Mason, kona til boksaren Kid Mason (Ayres), som berre er interessert i pengane hans. Innsatsen hennar vart for det meste dårleg motteken av kritikarane. Andre Sennwald i The New York Times skrev: «Det er uheldig at Jean Harlow, viss eigenskapar som skodespelar er avgrensa til den blonde venleiken hennar, må bera ein god del av filmen.»

Den neste filmen hennar var gangsterfilmen Samfunnets fiende, med James Cagney i hovudrolla. Harlow spelte Gwen Allen, kjærasten til gangsteren Tom Powers (Cagney). Warner Bros. betalte Hughes 1000 dollar i veka for å bruka ho, men han betalte ho 200 og tok resten sjølv. Både filmen og Cagneys rolletolking vart rost av kritikarane, men Harlow sin innsats vart negativt motteken. Deretter spelte Harlow i komedien Goldie, med Spencer Tracy og Warren Hymer. Ho spelte den svikefulle stuparen Goldie, som innleier eit tilhøve til sjømannen Spike (Hymer), men prøver å forføra kameraten hans, Bill (Tracy). Bland Johaneson i New York Daily Mirror skreiv følgjande om rolletolkinga hennar: «Frøken Harlow [er], som vanleg, platinablondina frøken Harlow.»

Etter å ha spelt i fire filmar på fem månader sende Hughes henne til Oriental Theatre i Chicago for å gjera personlege opptredenar. Han fekk 3500 dollar for ei vekes opptredenar, men betalte Harlow 200.Stenn, s. 59 Ho hadde ingen sketsj å framføra, så det einaste ho gjorde var å gå ut på scena og plukka opp eit lommetørkle som hadde falle ned. Dette gjorde at brysta hennar nesten fall ut av kjolen. Ein kveld tok Al Capone med seg gangstervenen Abner Zwillman for å sjå Harlow. Etter førestillinga inviterte Bello dei bak scena for å møta ho. Harlow og Zwillman fann tonen, og han tok kontakt med Columbia Pictures-sjefen Harry Cohn og overtydde han om å bruka henne i to filmar.Stenn, s. 61

venstre|mini|Promobilde frå ca. 1931.

Harlows første film for Columbia var Gallagher, regissert av Frank Capra. Ho var svært nervøs for å jobba med han. Capra fekk på si side merka at ho var uerfaren, men sette pris på innsatsviljen: «Ho ynskte å læra heile tida. Eg hugsar at eg bad ho om å reisa heim etter at ho hadde fullført scenene sina, [men] ho vart alltid igjen på settet [og] såg på dei andre, freista å læra seg korleis ein skulle verta ein skodespelar.» For å promotera Harlow gav Hughes PR-sjefen i Caddo Company, Lincoln Quarberg, i oppgåve å finna eit passande kallenamn på henne.Stenn, s. 65 Han enda opp med «Platinum Blonde». Hughes overtydde deretter Cohn til å endra tittelen på Harlow sin film frå Gallagher til Platinum Blonde.Stenn, s. 66 Caddo Company organiserte òg over tre hundre «Platinum Blonde»-klubbar over heile USA, og tilbaud 10 000 dollar til den som kunne matcha den blonde hårfargen til Harlow. Det vart ikkje kåra nokon vinnar, men salet på bleikemiddel auka med 35 prosent. Harlow sin neste film for Columbia var Three Wise Girls, der ho for første gong i karrieren spelte ein sympatisk rollefigur. Kritikarane lét seg likevel enno ikkje imponera over ho.Stenn, s. 67